A A A A A


Søke

Lukas 1:69
Han har reist for oss eit horn til frelse i sin tenar Davids hus,


Lukas 2:30
For mine auge har sett di frelse,


Lukas 3:6
Og alle menneske skal sjå Guds frelse.


Lukas 19:9
Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son.


Apostlenes Gjerninge 4:12
Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»


Apostlenes Gjerninge 11:14
Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’


Apostlenes Gjerninge 13:47
For dette er Herrens bod til oss: Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag, så du skal bera frelse til enden av verda. »


Apostlenes Gjerninge 16:17
Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Gud, Den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse.»


Apostlenes Gjerninge 28:28
Så skal de vita at denne Guds frelse er send til heidningane. Og dei kjem til å høyra.»


Romerne 1:16
For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.


2 Korintierne 1:6
Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.


2 Korintierne 6:2
For han seier: I rette tid bønhøyrde eg deg, på frelsedagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsedagen!


2 Korintierne 7:10
Sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, og det angrar ingen. Men sorg som er av denne verda, fører til død.


Efeserne 1:10
Han ville fullføra sin frelseplan då tida var fullmogen: å samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda i han.


Efeserne 3:9
og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt.


Filippenserne 1:28
og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk.


Filippenserne 2:12
Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.


1 Tessalonikerne 5:8
Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.


1 Tessalonikerne 5:9
For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.


1 Timoteus 1:4
eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.


2 Timoteus 3:15
Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus.


Titus 2:11
For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.


Hebreerne 2:3
korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.


Hebreerne 5:9
Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han,


Hebreerne 6:9
Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.


1 Peters 1:9
for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.


1 Peters 2:2
og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.


1 Peters 3:21
Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode —


2 Peters 3:15
Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.


Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)