A A A A A


Søke

Matteus 1:5
Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai,


Matteus 1:7
Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa,


Matteus 1:12
Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel,


Matteus 1:13
Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,


Matteus 2:1
Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem


Matteus 2:5
«I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:


Matteus 2:6
Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel. »


Matteus 2:8
Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»


Matteus 2:16
Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.


Matteus 3:4
Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.


Matteus 3:8
Ber då frukt som viser at de er omvende!


Matteus 3:10
Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.


Matteus 4:6
og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein. »


Matteus 4:9
og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»


Matteus 4:10
Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena. »


Matteus 4:21
Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei,


Matteus 5:24
så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt!


Matteus 5:26
Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.


Matteus 5:29
Om høgre auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen blir kasta i helvete.


Matteus 5:30
Og om høgre handa lokkar deg til fall, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen kjem i helvete.


Matteus 5:42
Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.


Matteus 5:44
Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.


Matteus 6:5
Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.


Matteus 6:6
Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.


Matteus 6:7
Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord.


Matteus 6:8
Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det.


Matteus 6:9
Slik skal de be: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast.


Matteus 7:6
Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perler til svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.


Matteus 7:7
Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.


Matteus 7:8
For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.


Matteus 7:9
Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød,


Matteus 7:10
eller ein orm når han bed om fisk?


Matteus 7:11
Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!


Matteus 7:17
Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt.


Matteus 7:18
Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.


Matteus 7:19
Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.


Matteus 7:23
Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett! ’


Matteus 8:4
Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»


Matteus 8:8
«Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.


Matteus 8:14
Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber.


Matteus 8:15
Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.


Matteus 8:30
Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte.


Matteus 9:17
Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»


Matteus 9:21
For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»


Matteus 9:24
«Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.


Matteus 9:37
Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.


Matteus 9:38
Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»


Matteus 10:2
Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,


Matteus 10:9
Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet,


Matteus 10:10
og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin.


Matteus 10:25
Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?


Matteus 10:42
Og den som gjev ein av desse små om det så berre er eit beger kaldt vatn fordi han er læresvein — sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn!»


Matteus 11:10
Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.


Matteus 11:21
«Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.


Matteus 11:25
På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.


Matteus 11:27
Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.


Matteus 11:28
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!


Matteus 12:4
Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.


Matteus 12:24
Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»


Matteus 12:27
Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.


Matteus 12:35
Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.


Matteus 13:21
Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.


Matteus 13:30
Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»


Matteus 13:35
Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.


Matteus 14:23
Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be. Då det leid til kvelds, var han der åleine.


Matteus 14:30
Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»


Matteus 14:36
Dei bad om at dei berre måtte få ta i dusken på kappefliken hans. Og alle som gjorde det, vart friske.


Matteus 15:14
Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»


Matteus 16:17
Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.


Matteus 16:23
Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»


Matteus 16:25
For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.


Matteus 17:8
Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.


Matteus 17:21
{{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»


Matteus 17:24
Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?»


Matteus 18:6
Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.


Matteus 18:8
Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden.


Matteus 18:9
Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.


Matteus 18:19
Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen.


Matteus 18:25
Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.


Matteus 18:26
Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’


Matteus 18:28
Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’


Matteus 18:29
Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’


Matteus 18:30
Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.


Matteus 18:34
Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.


Matteus 19:10
Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»


Matteus 19:11
Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det.


Matteus 19:13
Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort.


Matteus 20:1
Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin.


Matteus 20:2
Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.


Matteus 20:6
Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’


Matteus 20:8
Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’


Matteus 20:12
og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’


Matteus 20:20
Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko.


Matteus 20:22
«De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei.


Matteus 20:23
Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»


Matteus 21:1
Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg


Matteus 21:12
Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer


Matteus 21:17
Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.


Matteus 21:19
Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.


Matteus 21:21
Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.


Matteus 21:22
Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»


Matteus 21:28
Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’


Matteus 21:43
Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.


Matteus 22:3
Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma.


Matteus 22:4
Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’


Matteus 22:8
Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.


Matteus 22:9
Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’


Matteus 22:19
Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar.


Matteus 23:4
Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.


Matteus 23:9
Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.


Matteus 23:15
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.


Matteus 23:27
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.


Matteus 23:35
Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret.


Matteus 24:3
Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»


Matteus 24:8
Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.


Matteus 24:20
Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!


Matteus 24:36
Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.


Matteus 24:46
Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!


Matteus 26:6
Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,


Matteus 26:24
For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»


Matteus 26:27
Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det!


Matteus 26:30
Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.


Matteus 26:36
Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»


Matteus 26:37
Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.


Matteus 26:39
Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»


Matteus 26:41
Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»


Matteus 26:42
Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.»


Matteus 26:53
Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?


Matteus 27:23
«Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»


Matteus 27:32
På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen.


Matteus 27:43
Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’»


Matteus 27:49
Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»


Matteus 27:51
Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.


Matteus 27:56
Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.


Matteus 27:60
og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk.


Matteus 27:61
Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.


Matteus 27:65
Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.»


Markus 1:2
Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.


Markus 1:6
Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning.


Markus 1:18
Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.


Markus 1:19
Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna.


Markus 1:20
Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.


Markus 1:30
Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.


Markus 1:31
Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.


Markus 1:44
«Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»


Markus 2:26
Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.»


Markus 3:4
Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje.


Markus 3:17
Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans — desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner —


Markus 3:22
Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»


Markus 4:17
Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå.


Markus 4:28
Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.


Markus 5:11
Det gjekk ein stor griseflokk og beitte der attmed fjellet,


Markus 5:28
For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.»


Markus 5:36
Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»


Markus 5:40
Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg.


Markus 6:5
Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei.


Markus 6:8
Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav — ikkje brød, ikkje veske, ikkje koparmyntar i beltet.


Markus 6:22
Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.»


Markus 6:23
Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.»


Markus 6:24
Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho.


Markus 6:45
Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad.


Markus 6:46
Då han hadde teke farvel, gjekk han opp i fjellet for å be.


Markus 6:55
og dei sprang rundt i heile nabolaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var.


Markus 8:14
Men læresveinane hadde gløymt å ta med brød. Dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten.


Markus 8:22
Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han.


Markus 8:33
Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»


Markus 8:35
For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det.


Markus 9:8
Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.


Markus 9:29
Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn {{og faste}}.»


Markus 9:41
Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til — sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn.


Markus 9:42
Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.


Markus 9:43
Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar,


Markus 9:45
Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete,


Markus 9:47
Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete,


Markus 10:35
Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»


Markus 10:38
«De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?»


Markus 10:39
«Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med.


Markus 10:48
Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»


Markus 11:1
Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane i veg


Markus 11:11
Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv.


Markus 11:12
Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.


Markus 11:13
Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken.


Markus 11:15
Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,


Markus 11:16
og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.


Markus 11:24
Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar — tru at de har fått det, og de skal få det.


Markus 11:25
Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.


Markus 12:14
Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?»


Markus 13:3
Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:


Markus 13:13
Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.


Markus 13:18
Og be om at det ikkje må henda om vinteren!


Markus 13:32
Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.


Markus 14:1
No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel.


Markus 14:3
Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans.


Markus 14:13
Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,


Markus 14:21
For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»


Markus 14:23
Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det.


Markus 14:26
Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.


Markus 14:32
Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»


Markus 14:36
«Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»


Markus 14:38
Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»


Markus 14:51
Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,


Markus 15:8
Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.


Markus 15:11
Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri.


Markus 15:14
«Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»


Markus 15:21
Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene.


Markus 15:46
Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga.


Lukas 1:5
I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.


Lukas 1:6
Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.


Lukas 1:7
Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.


Lukas 1:13
Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Bøna di har vorte høyrd. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal gje han namnet Johannes.


Lukas 1:19
Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen.


Lukas 1:22
Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.


Lukas 1:24
Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.


Lukas 1:26
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,


Lukas 1:36
Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.


Lukas 1:40
der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.


Lukas 1:41
Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande


Lukas 1:56
Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.


Lukas 1:57
Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.


Lukas 2:4
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt


Lukas 2:7
og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.


Lukas 2:12
Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»


Lukas 2:15
Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»


Lukas 2:22
Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.


Lukas 2:24
Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.


Lukas 2:32
eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»


Lukas 2:35
— ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»


Lukas 3:1
Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,


Lukas 3:8
Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.


Lukas 3:9
Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»


Lukas 3:27
son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sjealtiel, son til Neri,


Lukas 3:32
son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Nahsjon,


Lukas 3:35
son til Serug, son til Re'u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah,


Lukas 4:4
Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød. »


Lukas 4:7
Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»


Lukas 4:8
Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»


Lukas 4:11
Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»


Lukas 4:26
Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.


Lukas 4:27
Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»


Lukas 4:38
Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.


Lukas 4:39
Han gjekk fram, bøygde seg over henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.


Lukas 4:43
Men han sa: «Eg må bera fram den gode bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»


Lukas 5:7
Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.


Lukas 5:10
Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.»


Lukas 5:14
Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»


Lukas 5:15
Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine.


Lukas 5:18
Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,


Lukas 5:19
men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus.


Lukas 5:39
Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»


Lukas 6:4
Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»


Lukas 6:9
«No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?»


Lukas 6:12
I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.


Lukas 6:28
velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk.


Lukas 6:30
Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.


Lukas 6:39
Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?


Lukas 6:43
Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.


Lukas 6:45
Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.


Lukas 6:49
Men den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»


Lukas 7:3
Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren.


Lukas 7:7
— difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.


Lukas 7:24
Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?


Lukas 7:27
Det er om han dette står skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.


Lukas 7:39
Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»


Lukas 7:42
Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»


Lukas 8:14
Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde.


Lukas 8:15
Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.


Lukas 8:28
Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!»


Lukas 8:32
No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.


Lukas 8:50
Jesus høyrde det, men sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho bli berga.»


Lukas 8:53
Dei berre lo av han, for dei visste at ho var død.


Lukas 9:10
Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida.


Lukas 9:18
Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»


Lukas 9:24
For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det.


Lukas 9:28
Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be.


Lukas 9:36
Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.


Lukas 9:38
Då ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, for han er einaste barnet eg har!


Lukas 10:2
Og han sa til dei: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.


Lukas 10:7
Bli verande der i huset og et og drikk det dei byd fram! For ein arbeidar er verd si løn. Flytt ikkje frå hus til hus!


Lukas 10:13
Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.


Lukas 10:21
I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.


Lukas 10:22
Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»


Lukas 10:34
Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han.


Lukas 11:1
Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, slik Johannes lærte sine læresveinar.»


Lukas 11:2
Han svara: «Når de bed, skal de seia: Far! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.


Lukas 11:9
Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.


Lukas 11:10
For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.


Lukas 11:11
Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk,


Lukas 11:12
eller gjev han ein skorpion når han bed om egg?


Lukas 11:13
Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»


Lukas 11:15
Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»


Lukas 11:18
Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.


Lukas 11:19
Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.


Lukas 11:46
Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.


Lukas 11:51
frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, seier eg dykk, denne slekta skal svara for det.


Lukas 12:35
Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!


Lukas 12:43
Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!


Lukas 12:59
Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»


Lukas 13:9
kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»


Lukas 13:14
Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»


Lukas 14:1
Ein gong var Jesus beden til å eta hos ein farisear som var medlem av Rådet. Det var sabbat, og dei heldt auge med han.


Lukas 14:8
«Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,


Lukas 14:9
og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast.


Lukas 14:10
Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på.


Lukas 14:12
Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld.


Lukas 14:13
Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde.


Lukas 14:17
Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’


Lukas 14:24
For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»


Lukas 14:27
Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.


Lukas 14:32
Og er han ikkje sterk nok, sender han menn av stad og bed om fred medan fienden enno er langt borte.


Lukas 15:15
Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.


Lukas 15:16
Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.


Lukas 15:22
Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.


Lukas 15:27
‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’


Lukas 16:21
Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.


Lukas 16:27
Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.


Lukas 17:2
Det var betre for han å bli kasta i havet med ein møllestein om halsen enn at han skulle lokka ein av desse små til fall.


Lukas 17:10
På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»


Lukas 17:30
På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen openberrar seg.


Lukas 17:33
Den som vil tryggja livet sitt, skal mista det. Men den som mistar det, skal berga det.


Lukas 18:1
Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet:


Lukas 18:10
«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar.


Lukas 18:30
utan at han skal få det att mangedobbelt i den tida som no er, og eit evig liv i den verda som kjem.»


Lukas 18:39
Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»


Lukas 19:10
For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»


Lukas 19:29
Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg


Lukas 19:37
Då han nærma seg skråninga ned frå Oljeberget, byrja heile mengda av læresveinar å lova Gud med høg røyst, glade som dei var, for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:


Lukas 19:42
og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.


Lukas 20:22
Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»


Lukas 20:26
Dei greidde ikkje å setja han fast i noko av det han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.


Lukas 21:36
Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»


Lukas 21:37
Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.


Lukas 22:10
Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i,


Lukas 22:17
Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.


Lukas 22:20
Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.


Lukas 22:39
Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han.


Lukas 22:40
Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»


Lukas 22:42
«Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»


Lukas 22:46
«Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»


Lukas 23:26
Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera.


Lukas 23:41
For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»


Lukas 23:53
Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.


Lukas 24:39
Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»


Lukas 24:41
Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?»


Lukas 24:50
Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.


Johannes 1:23
Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein, som profeten Jesaja har sagt.»


Johannes 1:28
Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.


Johannes 1:29
Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!


Johannes 1:31
Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»


Johannes 1:44
Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå.


Johannes 2:2
Også Jesus og læresveinane hans var bedne.


Johannes 2:8
Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.


Johannes 2:11
Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.


Johannes 4:9
«Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar.


Johannes 4:10
Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»


Johannes 4:20
«Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»


Johannes 4:21
Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.


Johannes 4:22
De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.


Johannes 4:23
Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.


Johannes 4:24
Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»


Johannes 4:38
Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»


Johannes 4:46
Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk.


Johannes 4:52
Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.»


Johannes 5:2
Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar.


Johannes 5:10
Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»


Johannes 5:17
Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.»


Johannes 5:18
Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.


Johannes 5:19
Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins.


Johannes 6:1
Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen.


Johannes 6:22
Dagen etter stod det endå mange menneske att på andre sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre éin båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.


Johannes 6:23
No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.


Johannes 6:27
Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»


Johannes 6:46
Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.


Johannes 7:42
Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»


Johannes 8:1
og Jesus gjekk ut til Oljeberget.


Johannes 9:3
Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han.


Johannes 9:4
Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.


Johannes 10:9
Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.


Johannes 10:10
Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.


Johannes 11:1
Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.


Johannes 11:18
Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag,


Johannes 11:22
Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»


Johannes 11:50
De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»


Johannes 11:52
Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring.


Johannes 12:1
Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.


Johannes 12:9
Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde.


Johannes 12:20
No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida.


Johannes 12:21
Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»


Johannes 12:24
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.


Johannes 12:25
Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.


Johannes 12:38
For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala: Herre, kven trudde bodskapen vår, kven vart Herrens arm openberra for?


Johannes 13:9
Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!»


Johannes 14:13
Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen.


Johannes 14:14
Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.


Johannes 14:16
Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid:


Johannes 14:21
Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»


Johannes 14:22
Judas — ikkje Judas Iskariot — seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»


Johannes 15:2
Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.


Johannes 15:4
Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg.


Johannes 15:5
Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.


Johannes 15:7
Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.


Johannes 15:8
For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.


Johannes 15:16
De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn.


Johannes 16:7
Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.


Johannes 16:12
Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.


Johannes 16:23
Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.


Johannes 16:24
Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.


Johannes 16:26
Den dagen skal de be i mitt namn; eg seier ikkje at eg skal spørja Far for dykk då.


Johannes 17:6
Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt.


Johannes 17:9
Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine.


Johannes 17:15
Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde.


Johannes 17:20
Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.


Johannes 17:21
Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.


Johannes 18:1
Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.


Johannes 18:11
Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka det begeret som Far har gjeve meg?»


Johannes 18:14
Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.


Johannes 19:31
Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned.


Johannes 19:32
Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.


Johannes 19:33
Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein.


Johannes 19:36
Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han.


Johannes 21:1
Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til:


Johannes 21:2
Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der.


Johannes 21:8
Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.


Johannes 21:14
Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.


Johannes 21:18
Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»


Apostlenes Gjerninge 1:1
I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte


Apostlenes Gjerninge 1:3
Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.


Apostlenes Gjerninge 1:12
Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.


Apostlenes Gjerninge 2:15
Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.


Apostlenes Gjerninge 2:26
Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge, ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.


Apostlenes Gjerninge 3:2
Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.


Apostlenes Gjerninge 3:20
Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus.


Apostlenes Gjerninge 4:31
Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.


Apostlenes Gjerninge 5:9
Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de bli samde om å setja Herrens Ande på prøve? Høyr stega utanfor døra. Det er dei som har gravlagt mannen din. No skal dei bera deg ut.»


Apostlenes Gjerninge 7:10
og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.


Apostlenes Gjerninge 7:25
Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje.


Apostlenes Gjerninge 7:35
Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘ Kven har sett deg til leiar og dommar? ’ — og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken.


Apostlenes Gjerninge 7:42
Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Bar de fram for meg slaktoffer og gåver dei førti åra i ørkenen, Israels hus?


Apostlenes Gjerninge 8:12
Då dei begynte å tru Filip, som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, lét dei seg døypa, både menn og kvinner.


Apostlenes Gjerninge 8:16
For Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn.


Apostlenes Gjerninge 8:22
Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt.


Apostlenes Gjerninge 8:24
Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»


Apostlenes Gjerninge 8:27
Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe.


Apostlenes Gjerninge 8:35
Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han.


Apostlenes Gjerninge 9:11
Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed.


Apostlenes Gjerninge 9:15
Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.


Apostlenes Gjerninge 10:9
Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen.


Apostlenes Gjerninge 10:22
Dei svara: «Offiseren Kornelius, ein rettferdig og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om, har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.»


Apostlenes Gjerninge 10:24
Neste dag nådde dei Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei næraste venene sine.


Apostlenes Gjerninge 10:32
Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’


Apostlenes Gjerninge 12:8
og engelen sa til han: «Bind beltet om deg og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og følg meg!»


Apostlenes Gjerninge 13:10
og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?


Apostlenes Gjerninge 13:21
Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen, og han var konge i førti år.


Apostlenes Gjerninge 13:47
For dette er Herrens bod til oss: Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag, så du skal bera frelse til enden av verda. »


Apostlenes Gjerninge 13:48
Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var bestemte til evig liv.


Apostlenes Gjerninge 14:6
rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring.


Apostlenes Gjerninge 14:20
Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.


Apostlenes Gjerninge 15:10
Kvifor vil de då utfordra Gud og leggja på nakken til læresveinane eit åk som verken fedrane våre eller vi var i stand til å bera?


Apostlenes Gjerninge 15:22
Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne.


Apostlenes Gjerninge 15:27
Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same.


Apostlenes Gjerninge 15:38
Men Paulus fann det ikkje rett å ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde følgt dei i arbeidet deira.


Apostlenes Gjerninge 16:1
Han kom òg til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar.


Apostlenes Gjerninge 16:2
Dei syskena som var i Lystra og Ikonium, hadde berre godt å seia om han.


Apostlenes Gjerninge 16:11
Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis.


Apostlenes Gjerninge 17:10
Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen.


Apostlenes Gjerninge 17:13
Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og skremde dei.


Apostlenes Gjerninge 17:23
For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk.


Apostlenes Gjerninge 18:3
og sidan dei dreiv same handverket — dei var teltmakarar — vart han buande der og arbeidde i lag med dei.


Apostlenes Gjerninge 18:25
Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.


Apostlenes Gjerninge 19:12
Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut.


Apostlenes Gjerninge 19:25
Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.


Apostlenes Gjerninge 19:26
Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar.


Apostlenes Gjerninge 19:31
Nokre av dei høgste embetsmennene i provinsen, som var mellom venene hans, sende òg bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teateret.


Apostlenes Gjerninge 20:4
Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.


Apostlenes Gjerninge 20:23
Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.


Apostlenes Gjerninge 20:24
Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.


Apostlenes Gjerninge 20:35
Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»


Apostlenes Gjerninge 21:1
Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara.


Apostlenes Gjerninge 21:11
Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»


Apostlenes Gjerninge 21:13
Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»


Apostlenes Gjerninge 21:24
Ta dei med deg og lat deg reinsa saman med dei. Og ber så kostnaden med dette, slik at dei kan raka hovudet. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever slik at du held lova.


Apostlenes Gjerninge 21:26
Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.


Apostlenes Gjerninge 21:35
Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han,


Apostlenes Gjerninge 21:39
«Eg er jøde», sa Paulus, «og borgar av Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»


Apostlenes Gjerninge 23:15
Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»


Apostlenes Gjerninge 23:20
Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøyare.


Apostlenes Gjerninge 23:21
Men du må ikkje la deg overtala! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei verken skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg klare og ventar berre på ein lovnad frå deg.»


Apostlenes Gjerninge 24:2
Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga: «Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre.


Apostlenes Gjerninge 24:4
Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.


Apostlenes Gjerninge 24:11
Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.


Apostlenes Gjerninge 24:21
Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»


Apostlenes Gjerninge 25:11
Er eg skuldig i noko som fortener dødsstraff, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.»


Apostlenes Gjerninge 25:13
Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.


Apostlenes Gjerninge 25:19
Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.


Apostlenes Gjerninge 25:23
Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.


Apostlenes Gjerninge 26:3
sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hos jødane. Difor bed eg deg om å høyra på meg med tolmod.


Apostlenes Gjerninge 26:5
Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.


Apostlenes Gjerninge 26:17
når eg bergar deg ut frå ditt eige folk og frå alle heidningfolka. Eg sender deg til dei


Apostlenes Gjerninge 26:30
Så reiste kongen seg saman med landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.


Apostlenes Gjerninge 27:10
og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.»


Apostlenes Gjerninge 27:16
Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.


Apostlenes Gjerninge 27:20
På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.


Apostlenes Gjerninge 27:22
Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet.


Apostlenes Gjerninge 27:29
Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma.


Apostlenes Gjerninge 27:31
Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.»


Apostlenes Gjerninge 27:34
Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.»


Apostlenes Gjerninge 27:41
Dei dreiv inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg ned i sanden og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av brenningane.


Apostlenes Gjerninge 27:43
Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti først og koma seg i land.


Apostlenes Gjerninge 27:44
Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.


Apostlenes Gjerninge 28:1
Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.


Apostlenes Gjerninge 28:3
Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.


Apostlenes Gjerninge 28:4
Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»


Apostlenes Gjerninge 28:6
Dei andre venta berre at han skulle hovna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.


Apostlenes Gjerninge 28:8
Far til Publius låg med feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.


Apostlenes Gjerninge 28:15
Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.


Apostlenes Gjerninge 28:20
Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene.»


Romerne 1:10
Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil.


Romerne 1:13
Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka.


Romerne 1:17
For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.


Romerne 1:18
Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.


Romerne 1:32
Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.


Romerne 2:5
Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom.


Romerne 2:8
Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente.


Romerne 3:20
Ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev. Lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.


Romerne 3:21
Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova.


Romerne 3:29
Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg.


Romerne 4:4
Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.


Romerne 4:9
Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde.


Romerne 4:12
Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.


Romerne 4:16
Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle,


Romerne 4:23
Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han.


Romerne 5:3
Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,


Romerne 5:11
Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.


Romerne 6:19
eg bruker eit bilete frå dagleglivet sidan de er veike, av kjøt og blod. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for det ureine og det urette, og det førte berre til urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for rettferda, så de kan bli heilage.


Romerne 7:1
Eller veit de ikkje, mine sysken — for eg talar då til folk som kjenner lova — at lova rår over eit menneske berre så lenge det lever?


Romerne 7:4
Slik er det òg med dykk, mine sysken. Gjennom Kristi kropp har de døydd bort frå lova. De høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.


Romerne 8:18
Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.


Romerne 8:19
Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.


Romerne 8:26
På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord.


Romerne 8:27
Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.


Romerne 8:30
Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.


Romerne 8:34
Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss.


Romerne 9:2
Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet.


Romerne 9:3
For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg.


Romerne 9:10
Og ikkje berre det — også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår.


Romerne 9:11
11–12 Før dei var fødde, då dei verken hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.


Romerne 9:24
Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.


Romerne 9:27
Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israelsborna var så talrike som havsens sand, skal berre ein rest bli frelst.


Romerne 9:33
som det står skrive: Sjå, på Sion legg eg ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.


Romerne 10:1
Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste.


Romerne 10:20
Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg, eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg.


Romerne 11:1
No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme.


Romerne 11:18
Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.


Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.


Romerne 13:4
For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd. Styresmakta ber ikkje sverdet utan grunn, men er Guds tenar som set hans vreidedom i verk over den som gjer det vonde.


Romerne 13:5
Difor må de vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.


Romerne 13:6
Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting.


Romerne 13:7
Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære.


Romerne 14:2
Éin har ei tru som tillèt han å eta alt, den veike et berre grønsaker.


Romerne 15:1
Vi som er sterke, må bera veikskapen til dei veike og ikkje tenkja på oss sjølve.


Romerne 15:2
Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging.


Romerne 15:30
Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.


Romerne 15:31
Be om at eg må bli berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg kjem med.


Romerne 16:1
Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ.


Romerne 16:3
Hels Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus.


Romerne 16:4
Dei la halsen på blokka for å berga livet mitt, noko ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne forsamlingane vil takka dei for.


Romerne 16:6
Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk.


Romerne 16:9
Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.


Romerne 16:12
Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren.


Romerne 16:21
Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk.


Romerne 16:25
Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av det mysteriet som har vore løynt frå evige tider,


1 Korintierne 1:7
så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.


1 Korintierne 1:26
Sjå berre kven de sjølve er, sysken, de som vart kalla: ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt.


1 Korintierne 2:10
det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud.


1 Korintierne 2:14
Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis.


1 Korintierne 3:3
for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?


1 Korintierne 3:5
Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til:


1 Korintierne 3:7
Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst.


1 Korintierne 3:8
Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.


1 Korintierne 3:9
For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.


1 Korintierne 3:13
så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort.


1 Korintierne 3:15
om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld.


1 Korintierne 4:5
Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.


1 Korintierne 4:12
og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.


1 Korintierne 6:13
Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen.


1 Korintierne 6:20
De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!


1 Korintierne 7:9
Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.


1 Korintierne 7:16
For kva veit du, kvinne, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?


1 Korintierne 7:23
De er kjøpte, og prisen er betalt. Så bli ikkje slavar for menneske.


1 Korintierne 7:38
Så gjer den rett som gifter seg med kjærasten sin, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.


1 Korintierne 7:39
Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det blir gjort i Herren.


1 Korintierne 9:6
Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?


1 Korintierne 9:7
Kven er soldat og betaler løna sjølv? Kven plantar ei vinmark utan å få eta av frukta? Eller kven gjeter ein buskap utan å drikka av mjølka frå buskapen?


1 Korintierne 9:8
Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same?


1 Korintierne 9:24
Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen!


1 Korintierne 10:4
og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.


1 Korintierne 10:16
Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?


1 Korintierne 10:21
De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.


1 Korintierne 10:24
Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.


1 Korintierne 10:27
Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.


1 Korintierne 10:33
Eg prøver sjølv å vera alle til lags på alle vis. Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste.


1 Korintierne 11:4
Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt.


1 Korintierne 11:5
Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt.


1 Korintierne 11:6
Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller barbera håret av seg, må ho dekkja seg til.


1 Korintierne 11:13
Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?


1 Korintierne 11:25
Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!»


1 Korintierne 11:26
For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.


1 Korintierne 11:27
Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.


1 Korintierne 11:28
Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.


1 Korintierne 12:7
Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.


1 Korintierne 12:20
Men no er det mange lemer, men berre éin kropp.


1 Korintierne 12:31
Men ver ivrige etter å få dei største nådegåvene! Og endå vil eg visa dykk ein betre veg:


1 Korintierne 14:6
Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?


1 Korintierne 14:9
Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta.


1 Korintierne 14:13
Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.


1 Korintierne 14:14
For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.


1 Korintierne 14:15
Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden.


1 Korintierne 14:25
Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!


1 Korintierne 14:26
Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!


1 Korintierne 14:30
Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.


1 Korintierne 14:31
For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.


1 Korintierne 14:36
Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome?


1 Korintierne 15:8
Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.


1 Korintierne 15:10
Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.


1 Korintierne 15:19
Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.


1 Korintierne 15:32
Var det berre med eit reint menneskeleg håp eg kjempa mot villdyr i Efesos, kva godt hadde det tent til for meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi!


1 Korintierne 15:49
Og liksom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.


1 Korintierne 15:58
Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.


1 Korintierne 16:4
Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg.


1 Korintierne 16:7
For denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre på gjennomreise. Eg håpar å kunna stansa ei tid, om Herren gjev meg lov.


1 Korintierne 16:12
Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg om å reisa til dykk saman med brørne. Men han er slett ikkje villig til å reisa no. Han kjem så snart han får høve til det.


1 Korintierne 16:16
De òg må underordna dykk under slike som dei og under kvar medarbeidar som gjer si gjerning.


2 Korintierne 1:8
Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.


2 Korintierne 1:10
Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.


2 Korintierne 1:11
Også de må koma oss til hjelp i bøn. Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.


2 Korintierne 1:15
I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede.


2 Korintierne 1:19
For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.


2 Korintierne 1:24
For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.


2 Korintierne 2:1
Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma og gjera dykk sorgfulle ein gong til.


2 Korintierne 2:8
Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.


2 Korintierne 3:5
Men dette er vi ikkje i stand til av oss sjølve; vi kan ikkje tenkja ut noko som om det kom frå oss. Nei, berre ved Gud er vi i stand til dette,


2 Korintierne 4:10
Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.


2 Korintierne 4:17
Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir.


2 Korintierne 5:16
Så kjenner vi ikkje lenger nokon berre på menneskevis. Og har vi før kjent Kristus på menneskevis, så kjenner vi han ikkje lenger slik.


2 Korintierne 5:20
Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!


2 Korintierne 6:1
Som hans medarbeidarar legg vi dykk òg på hjartet at de ikkje må ta imot Guds nåde til inga nytte.


2 Korintierne 6:5
under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt.


2 Korintierne 6:15
Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru?


2 Korintierne 7:5
For då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre motgang; strid omkring oss og angst inne i oss.


2 Korintierne 7:7
Ja, ikkje berre med at han kom, men òg med den trøysta han hadde fått hos dykk. Han fortalde korleis de lengta og sørgde, og kor brennande ivrig de står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.


2 Korintierne 7:8
Om eg gjorde dykk sorgfulle med brevet mitt, så angrar eg ikkje. Først angra eg nok, for eg såg at brevet gjorde dykk sorgfulle, om så berre ei lita stund.


2 Korintierne 7:9
Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorgfulle, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.


2 Korintierne 7:11
For denne sorga etter Guds vilje, sjå for ein iver ho har skapt! Sjå berre kor de forsvarar dykk, og kor opprørte de er, kor de ottast, og kor de lengtar, kor brennande de er, og kor de refsar! På alle måtar har de stått fram som uskuldige i denne saka.


2 Korintierne 8:5
Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det.


2 Korintierne 8:10
Eg seier mi meining om dette; det kan vera til nytte for dykk, de som i fjor ikkje berre gjekk inn i arbeidet, men òg la godviljen til.


2 Korintierne 8:18
Saman med han sender vi den broren som får ros i alle forsamlingane for sitt arbeid for evangeliet.


2 Korintierne 8:19
Ja, ikkje berre det, forsamlingane har valt han til å følgja oss når vi reiser med denne gåva og kjem med henne til Herrens ære, og som teikn på vår gode vilje.


2 Korintierne 8:21
For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.


2 Korintierne 8:23
Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hos dykk. Dei andre brørne, dei er utsendingar frå forsamlingane, til ære for Kristus.


2 Korintierne 9:4
Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna at de ikkje er førebudde. For då ville heile tiltaket berre føra skam over oss — for ikkje å snakka om dykk!


2 Korintierne 9:5
Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.


2 Korintierne 9:7
Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.


2 Korintierne 9:10
Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.


2 Korintierne 9:11
De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva.


2 Korintierne 9:12
For denne tenesta — ja, gudstenesta — er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg skapa overflod av takkebøner til Gud.


2 Korintierne 9:14
Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk på grunn av Guds overveldande nåde mot dykk.


2 Korintierne 10:2
Eg bed om å få sleppa å vera modig når eg kjem! Men eg vil ikkje nøla med å vera myndig mot visse folk som seier vi går fram med berre menneskelege motiv.


2 Korintierne 10:9
og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva.


2 Korintierne 10:12
Vi vågar verken å rekna oss til eller samanlikna oss med visse andre som gjev seg sjølve lovord. Når dei måler seg mot seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, viser dei berre sin eigen uforstand.


2 Korintierne 10:15
Nei, vi går ikkje over streken og skryter av arbeid som andre har gjort. Men vi har det håpet at trua dykkar skal veksa, så vi ved dykkar hjelp kan gå endå lenger fram, etter den rettesnora som er strekt ut for oss.


2 Korintierne 10:16
Så kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å følgja rettesnora som er strekt for andre, eller ta æra for arbeid som alt er gjort.


2 Korintierne 11:2
For eg vaktar dykk med Guds brennande sjalusi. Eg har lova dykk bort til Kristus, og berre til han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein jomfru.


2 Korintierne 11:7
Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast?


2 Korintierne 11:13
Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.


2 Korintierne 12:1
Eg må skryta av meg sjølv, endå det ikkje tener til noko. For no kjem eg til syn og openberringar frå Herren.


2 Korintierne 12:7
Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.


2 Korintierne 13:7
Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve.


2 Korintierne 13:8
For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga.


2 Korintierne 13:9
Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad.


Galaterne 1:7
Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.


Galaterne 1:12
Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.


Galaterne 1:16
openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds.


Galaterne 1:23
Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfølgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å utrydda.


Galaterne 2:2
Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.


Galaterne 2:11
Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han.


Galaterne 2:14
Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»


Galaterne 2:16
Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.


Galaterne 3:15
Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske.


Galaterne 3:20
Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.


Galaterne 3:23
Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra.


Galaterne 4:12
Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg.


Galaterne 4:18
Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode.


Galaterne 4:27
Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde. Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier. For den einslege kvinna har fleire born enn ho som har mann.


Galaterne 5:6
For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.


Galaterne 5:12
Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!


Galaterne 5:13
De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik.


Galaterne 6:2
Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.


Galaterne 6:5
For kvar skal bera si eiga bør.


Galaterne 6:9
Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.


Galaterne 6:17
Heretter må ingen plaga meg meir, for eg ber Jesu merke på kroppen min.


Efeserne 1:17
Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.


Efeserne 1:21
over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.


Efeserne 2:16
I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen.


Efeserne 3:3
I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her.


Efeserne 3:5
det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar:


Efeserne 3:13
Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!


Efeserne 3:20
Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,


Efeserne 4:2
mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik.


Efeserne 4:17
Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme,


Efeserne 4:28
Den som stal, skal ikkje lenger stela, men arbeida og gjera noko nyttig med sine eigne hender, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.


Efeserne 4:29
Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på.


Efeserne 4:30
Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut.


Efeserne 5:11
Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller.


Efeserne 5:12
Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.


Efeserne 6:6
Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.


Efeserne 6:14
Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje,


Efeserne 6:18
Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.


Efeserne 6:19
Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet,


Efeserne 6:20
det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.


Filippenserne 1:4
Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede.


Filippenserne 1:7
Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.


Filippenserne 1:9
Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt,


Filippenserne 1:13
For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer.


Filippenserne 1:17
Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.


Filippenserne 1:22
Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja.


Filippenserne 1:23
Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.


Filippenserne 1:27
Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet


Filippenserne 1:29
For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han.


Filippenserne 2:4
Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.


Filippenserne 2:12
Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.


Filippenserne 2:17
Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.


Filippenserne 2:22
Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin.


Filippenserne 2:25
Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong.


Filippenserne 2:27
Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.


Filippenserne 2:30
Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.


Filippenserne 3:2
Hald auge med hundane, hald auge med dei vonde arbeidarane, hald auge med dei som skamskjer seg.


Filippenserne 3:5
Eg er omskoren åttande dagen, eg er av Israels folk og Benjamins stamme, hebrear av hebrearar, lovlydig farisear,


Filippenserne 3:11
— om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde!


Filippenserne 3:15
Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk.


Filippenserne 3:16
Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!


Filippenserne 3:19
Fortaping blir utgangen deira, magen er guden deira, i skam set dei si ære, og dei søkjer berre det jordiske.


Filippenserne 4:3
Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.


Kolossenserne 1:3
Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.


Kolossenserne 1:6
som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna.


Kolossenserne 1:7
Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.


Kolossenserne 1:9
Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev,


Kolossenserne 1:10
så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud.


Kolossenserne 1:26
det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage.


Kolossenserne 1:29
For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.


Kolossenserne 2:8
Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.


Kolossenserne 2:17
Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til.


Kolossenserne 2:22
Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne.


Kolossenserne 2:23
Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.


Kolossenserne 3:4
Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.


Kolossenserne 3:13
så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.


Kolossenserne 3:22
Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren.


Kolossenserne 3:23
Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener.


Kolossenserne 4:2
Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!


Kolossenserne 4:3
Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.


Kolossenserne 4:4
Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.


Kolossenserne 4:7
Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.


Kolossenserne 4:11
Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.


Kolossenserne 4:13
Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis.


1 Tessalonikerne 1:3
For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.


1 Tessalonikerne 1:5
For då evangeliet kom til dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den heilage ande og med full overtyding. De veit kva vi gjorde hos dykk, for dykkar skuld.


1 Tessalonikerne 1:8
For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.


1 Tessalonikerne 1:10
og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.


1 Tessalonikerne 2:8
slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.


1 Tessalonikerne 2:9
For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.


1 Tessalonikerne 3:2
og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk,


1 Tessalonikerne 3:5
Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.


1 Tessalonikerne 3:10
Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.


1 Tessalonikerne 4:1
Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette!


1 Tessalonikerne 4:11
De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har bode dykk,


1 Tessalonikerne 4:12
så de kan gå sømeleg fram mellom dei som er utanfor, og ikkje treng be nokon om hjelp.


1 Tessalonikerne 5:12
Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk.


1 Tessalonikerne 5:17
Be uavlateleg!


1 Tessalonikerne 5:25
Be for oss, sysken!


2 Tessalonikerne 1:7
og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar


2 Tessalonikerne 1:10
den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. Og de har trudd det vitnemålet vi bar fram.


2 Tessalonikerne 1:11
Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning.


2 Tessalonikerne 2:1
Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:


2 Tessalonikerne 2:6
Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.


2 Tessalonikerne 3:1
Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må få fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk!


2 Tessalonikerne 3:2
Og be om at vi må bli berga frå vrange og vonde menneske — for det er ikkje alle som trur.


2 Tessalonikerne 3:8
og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.


2 Tessalonikerne 3:10
For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.


2 Tessalonikerne 3:11
Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.


2 Tessalonikerne 3:12
Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.


1 Timoteus 1:4
eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.


1 Timoteus 2:1
Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.


1 Timoteus 2:2
Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.


1 Timoteus 2:12
Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille.


1 Timoteus 2:15
Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen — berre dei viser forstand og held fast på tru, kjærleik og helging.


1 Timoteus 3:16
Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort. Han vart openberra i kjøt og blod, rettferdiggjord i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom.


1 Timoteus 4:7
Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt.


1 Timoteus 4:8
For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.


1 Timoteus 5:6
Men den som berre vil nyta livet, er levande død.


1 Timoteus 5:9
Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,


1 Timoteus 5:17
Eldste som er gode leiarar i forsamlinga, fortener dobbel løn, særleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.


1 Timoteus 5:18
For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er verd si løn.


1 Timoteus 5:23
Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.


1 Timoteus 6:20
Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet,


2 Timoteus 1:8
Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.


2 Timoteus 1:10
og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. Han har gjort ende på døden og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet.


2 Timoteus 1:18
Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.


2 Timoteus 2:3
Ber lidingane du òg som ein god stridsmann for Kristus Jesus.


2 Timoteus 2:14
Dette skal du minna dei om! For Guds andlet skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på.


2 Timoteus 2:15
Gjer det du kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar.


2 Timoteus 2:16
Vend ryggen til gudlaus og tom tale. For dei som talar slik, går berre lenger og lenger i gudløyse,


2 Timoteus 2:20
I eit stort hus er det ikkje berre kar av gull og sølv, men òg av tre og leire, dei første til fint bruk, dei andre til simplare bruk.


2 Timoteus 4:5
Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!


2 Timoteus 4:8
No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.


2 Timoteus 4:11
Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.


2 Timoteus 4:17
Men Herren var med meg og styrkte meg, så forkynninga skulle fullførast og alle folkeslag få høyra — og eg vart berga ut or løvegapet.


2 Timoteus 4:18
Ja, Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere ære i all æve! Amen.


Titus 1:3
Til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er tiltrudd meg etter påbod frå Gud, vår frelsar.


Titus 2:11
For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.


Titus 3:4
Men det vart openberra kor god vår Gud og frelsar er, og kor han elskar menneska:


Filemon 1:1
Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,


Filemon 1:6
Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus.


Filemon 1:10
og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos.


Filemon 1:19
Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.


Filemon 1:21
I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.


Filemon 1:24
Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.


Hebreerne 1:3
Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.


Hebreerne 1:6
Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han.


Hebreerne 4:12
For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.


Hebreerne 5:1
Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.


Hebreerne 5:3
og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.


Hebreerne 5:7
Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.


Hebreerne 6:7
Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud.


Hebreerne 6:8
Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.


Hebreerne 6:9
Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.


Hebreerne 6:11
Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona.


Hebreerne 7:4
Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet.


Hebreerne 7:16
Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv.


Hebreerne 7:19
For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.


Hebreerne 7:22
Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.


Hebreerne 7:27
Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.


Hebreerne 8:3
Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.


Hebreerne 8:4
Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova.


Hebreerne 8:5
Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: « Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet. »


Hebreerne 8:6
Men no har Kristus fått ei mykje høgare presteteneste, sidan han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.


Hebreerne 9:7
Men i det andre går øvstepresten inn åleine og berre ein gong om året, og aldri utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for dei syndene folket har gjort utan å vita det.


Hebreerne 9:8
Dermed viser Den heilage ande at vegen inn i heilagdomen ikkje har vorte openberra så lenge det fremste rommet enno står.


Hebreerne 9:9
Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei ber fram gåver og offer som ikkje kan gjera den som dyrkar Gud, fullkomen når det gjeld samvitet.


Hebreerne 9:10
Liksom forskriftene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod: Dei skulle gjelda fram til tida då den rette ordninga vart innført.


Hebreerne 9:23
Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.


Hebreerne 9:24
For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.


Hebreerne 9:25
Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.


Hebreerne 9:28
slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.


Hebreerne 10:1
Lova inneheld berre ein skugge av alt det gode som skulle koma, ikkje det sanne biletet av tinga. Kvart år blir det bore fram offer som alltid er dei same, men med dei maktar ikkje lova å gjera dei som ofrar, fullkomne.


Hebreerne 10:11
Alle prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som aldri kan ta bort synder.


Hebreerne 10:13
No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans.


Hebreerne 10:34
De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de eigde, vart røva frå dykk. For de visste at de eig noko som er betre, og som varer.


Hebreerne 10:37
For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som skal koma, og han skal ikkje dryga.


Hebreerne 10:39
Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.


Hebreerne 11:4
I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.


Hebreerne 11:7
I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev.


Hebreerne 11:13
I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.


Hebreerne 11:16
Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.


Hebreerne 11:21
I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.


Hebreerne 11:31
I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.


Hebreerne 11:35
Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.


Hebreerne 11:40
Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.


Hebreerne 12:10
For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.


Hebreerne 12:13
Lat føtene gå på beine vegar, så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.


Hebreerne 12:15
Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta.


Hebreerne 12:24
til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.


Hebreerne 12:26
Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med.


Hebreerne 13:9
Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det.


Hebreerne 13:11
Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.


Hebreerne 13:13
Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.


Hebreerne 13:15
Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.


Hebreerne 13:18
Be for oss! Vi veit at vi har eit godt samvit, for vi vil gjerne fara rett fram på alle måtar.


Hebreerne 13:19
Eg bed dykk om forbøn, aller mest for at de så mykje snarare kan få meg tilbake.


Hebreerne 13:22
Eg bed dykk, sysken, ta vel imot desse orda til formaning og trøyst, sjølv om eg måtte skriva så stutt til dykk.


Jakobs 1:2
Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;


Jakobs 1:5
Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.


Jakobs 1:6
Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.


Jakobs 1:22
De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.


Jakobs 2:24
Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.


Jakobs 3:3
Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.


Jakobs 3:12
Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.


Jakobs 3:14
Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.


Jakobs 4:2
De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.


Jakobs 4:3
De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.


Jakobs 5:4
Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.


Jakobs 5:13
Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.


Jakobs 5:14
Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.


Jakobs 5:15
Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.


Jakobs 5:16
Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.


Jakobs 5:20
då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine forvilla vegar, bergar sjela hans frå døden og løyner ei mengd med synder.


1 Peters 1:24
Car Toute chair est comme l'herbe, Et toute sa gloire comme la fleur de l'herbe. L'herbe sèche, et la fleur tombe;


1 Peters 2:16
tant libres, sans faire de la liberté un voile qui couvre la méchanceté, mais agissant comme des serviteurs de Dieu.


2 Peters 2:5
Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege.


2 Peters 2:7
Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde.


2 Peters 2:9
Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag,


2 Peters 2:11
Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.


2 Peters 2:12
Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner. Dei er som vitlause dyr, av naturen bestemte til å bli fanga og gå til grunne. Så skal dei òg gå til grunne i sitt forfall


2 Peters 2:13
og lida vondt som løn for sin urett. Det dei likar best, er å svira midt på lyse dagen. Dei er skamflekker til vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg.


2 Peters 2:15
For dei har forlate den beine vegen og gått seg vill. Dei følgjer i same spor som Bileam, son til Bosor, han som elska urettmessig vinning.


2 Peters 2:21
Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært å kjenna rettferds veg, enn at dei først kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate.


1 Johannes 1:2
Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss.


1 Johannes 2:2
Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.


1 Johannes 2:28
Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att.


1 Johannes 3:2
Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.


1 Johannes 3:5
Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd.


1 Johannes 3:8
Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.


1 Johannes 3:22
Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge.


1 Johannes 4:9
I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.


1 Johannes 4:18
Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.


1 Johannes 5:6
Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.


1 Johannes 5:14
Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.


1 Johannes 5:15
Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.


1 Johannes 5:16
Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv — så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.


2 Johannes 1:1
Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.


2 Johannes 1:8
Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.


3 Johannes 1:8
Difor skyldar vi å ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.


3 Johannes 1:12
Alle gjev Demetrios dei beste vitnemål, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.


Judas 1:5
Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.


Judas 1:12
Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot.


Judas 1:20
Men de, mine kjære, må byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru og alltid be i Den heilage ande.


Judas 1:23
andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame: Sky til og med kappa som er skitna til av lystene i kroppen.


Apenbaring 1:1
Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes.


Apenbaring 1:2
Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett.


Apenbaring 1:13
og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa.


Apenbaring 2:20
Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.


Apenbaring 2:25
Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.


Apenbaring 3:15
Eg veit om gjerningane dine — du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm!


Apenbaring 4:10
fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:


Apenbaring 6:15
Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar slave og kvar fri, alle gøymde dei seg i hòler og mellom berghamrar.


Apenbaring 7:5
Av Juda-stammen var det 12 000 med segl, av Ruben-stammen 12 000, av Gad-stammen 12 000,


Apenbaring 7:8
av Sebulon-stammen 12 000, av Josef-stammen 12 000 og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.


Apenbaring 9:4
Det vart sagt til dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.


Apenbaring 9:20
Men resten av menneska, dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om frå det dei hadde laga med hendene sine, og heldt ikkje opp med å tilbe det. Dei tilbad vonde ånder og gudebilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.


Apenbaring 11:1
Og det vart gjeve meg ei målestong som likna ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mål Guds tempel og altaret, og tel dei som tilbed der!


Apocalisse 13:8
Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som heilt frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hos Lammet som vart slakta.


Apocalisse 13:12
All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret — det som hadde fått banesåret sitt lækt.


Apocalisse 13:15
Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret.


Apocalisse 14:7
Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»


Apocalisse 14:9
Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,


Apocalisse 14:11
Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.»


Apocalisse 14:20
Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.


Apocalisse 15:4
Kven skulle ikkje frykta deg, Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt andlet, fordi dine rettferdige dommar har vorte openberra.


Apocalisse 15:6
Og ut frå tempelet kom dei sju englane som hadde med seg dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.


Apocalisse 16:10
Den femte engelen tømde si skål ut over trona til dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pine.


Apocalisse 16:19
Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folkeslaga vart lagde i grus. Gud gløymde ikkje det store Babylon og lét det få begeret med hans harme- og vreidevin.


Apocalisse 17:4
Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt.


Apocalisse 17:7
Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.


Apocalisse 17:10
Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund.


Apocalisse 18:6
Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk dobbelt opp til henne i det begeret ho sjølv har skjenkt opp.


Apocalisse 18:12
skipslaster av gull og sølv, edelsteinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak, allslags angande tre, alle slags ting av elfenbein og verdfullt tre, av kopar, jern og marmor,


Apocalisse 18:17
På ein einaste time er all denne rikdomen lagd øyde.» Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.


Apocalisse 19:9
Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.»


Apocalisse 19:10
Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.


Apocalisse 19:20
Men dyret vart fanga saman med den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket til dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.


Apocalisse 20:4
Og eg såg troner, og nokre sette seg på dei, og dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne på grunn av Jesu vitnemål og Guds ord, dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av dyret, og ikkje teke mot merket på panna eller handa. Dei vart levande att og herska som kongar saman med Kristus i tusen år.


Apocalisse 21:20
den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.


Apocalisse 21:27
Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.


Apocalisse 22:2
Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.


Apocalisse 22:8
Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene til den engelen som hadde synt meg dette, og ville tilbe han.


Apocalisse 22:9
Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»


Italian Bible 1649
Public Domain 1649