A A A A A


Søke

Matteus 4:24
Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei.


Matteus 5:3
«Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira.


Matteus 7:22
Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’


Matteus 8:16
Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke.


Matteus 8:28
Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.


Matteus 8:31
Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.»


Matteus 8:33
Dei som gjette grisene, rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt og sa korleis det hadde gått med dei som hadde hatt vonde ånder.


Matteus 9:32
Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd.


Matteus 9:33
Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!»


Matteus 9:34
Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»


Matteus 10:1
Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.


Matteus 10:8
Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve.


Matteus 11:18
For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’


Matteus 12:22
Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.


Matteus 12:24
Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»


Matteus 12:27
Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.


Matteus 12:28
Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.


Matteus 12:43
Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.


Matteus 12:45
Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første. Slik kjem det òg til å gå med denne vonde slekta.»


Matteus 15:22
Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»


Matteus 17:18
Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.


Matteus 17:19
Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»


Matteus 26:41
Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»


Markus 1:23
No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:


Markus 1:25
Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»


Markus 1:26
Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.


Markus 1:27
Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»


Markus 1:32
Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder.


Markus 1:34
Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.


Markus 1:39
Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.


Markus 2:8
Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?


Markus 3:11
Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»


Markus 3:15
og ha makt til å driva ut vonde ånder.


Markus 3:22
Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»


Markus 3:30
Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»


Markus 5:2
Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg


Markus 5:8
For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»


Markus 5:12
og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til grisene, så vi kan fara inn i dei!»


Markus 5:13
Det lét han dei gjera. Då fór dei ureine åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.


Markus 5:15
Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.


Markus 5:16
Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene.


Markus 5:18
Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han.


Markus 6:7
Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.


Markus 6:13
Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.


Markus 7:25
Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.


Markus 7:26
Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar.


Markus 7:29
Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.»


Markus 7:30
Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.


Markus 9:17
Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum.


Markus 9:18
Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.»


Markus 9:20
Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen.


Markus 9:22
«Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!»


Markus 9:25
Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!»


Markus 9:28
Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»


Markus 9:38
Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»


Markus 14:38
Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»


Markus 16:9
{{Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av.


Markus 16:17
Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål,


Lukas 1:17
Han skal gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde, for å venda fedrehjarta til borna og gje ulydige det sinn som rettferdige har, for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»


Lukas 1:47
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.


Lukas 1:80
Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.


Lukas 4:33
I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft:


Lukas 4:35
Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.


Lukas 4:36
Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»


Lukas 4:41
Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.


Lukas 6:18
Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg friske.


Lukas 7:21
Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og han gav mange blinde synet.


Lukas 7:33
For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’


Lukas 8:2
og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av,


Lukas 8:27
Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene.


Lukas 8:29
— For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut av mannen. Ho hadde hatt makt over han i lange tider. Ofte hadde dei bunde han med lenkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda og vart driven ut i øydemarka av den vonde ånda. —


Lukas 8:30
«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.


Lukas 8:32
No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.


Lukas 8:33
Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.


Lukas 8:35
Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.


Lukas 8:36
Men dei som hadde sett på, fortalde korleis han som hadde hatt dei vonde åndene, vart frisk att.


Lukas 8:38
Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han bort og sa:


Lukas 9:1
Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt over alle vonde ånder og kraft til å lækja sjukdomar.


Lukas 9:39
Brått kan ei ånd hogga tak i han; ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han. Ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.


Lukas 9:42
Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og lækte guten og gav han tilbake til faren.


Lukas 9:49
Då tok Johannes ordet: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i følgje med oss.»


Lukas 9:55
Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}}


Lukas 10:17
Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»


Lukas 10:20
Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!»


Lukas 11:14
Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.


Lukas 11:15
Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»


Lukas 11:18
Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.


Lukas 11:19
Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.


Lukas 11:20
Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.


Lukas 11:24
Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’


Lukas 11:26
Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»


Lukas 13:11
Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp.


Lukas 13:32
Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.


Lukas 23:46
og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd! » Med desse orda anda han ut.


Lukas 24:37
Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.


Lukas 24:39
Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»


Johannes 3:6
Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.


Johannes 4:23
Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.


Johannes 4:24
Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»


Johannes 6:63
Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv.


Johannes 7:20
«Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»


Johannes 8:48
Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?»


Johannes 8:49
«Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg.


Johannes 8:52
Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.


Johannes 10:20
Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»


Johannes 10:21
Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»


Apostlenes Gjerninge 5:16
Også frå byane kring Jerusalem kom det folk i stort tal. Dei bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.


Apostlenes Gjerninge 6:10
Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med.


Apostlenes Gjerninge 7:59
Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.»


Apostlenes Gjerninge 8:7
For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.


Apostlenes Gjerninge 16:16
Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne.


Apostlenes Gjerninge 16:18
Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda.


Apostlenes Gjerninge 19:12
Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut.


Apostlenes Gjerninge 19:13
Nokre jødar som reiste omkring og dreiv med åndemaning, freista òg å seia fram Herren Jesu namn over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg byd dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»


Apostlenes Gjerninge 19:15
Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?»


Apostlenes Gjerninge 19:16
Og mannen som hadde den vonde ånda i seg, flaug på dei, overmanna dei alle og skamfór dei, så dei måtte rømma ut or huset, nakne og såra.


Apostlenes Gjerninge 23:8
For saddukearane seier at oppstoda ikkje finst, og heller ikkje englar og ånder, men farisearane trur på alt dette.


Apostlenes Gjerninge 23:9
No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»


Romerne 7:14
Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda.


Romerne 8:10
Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda.


Romerne 8:15
For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»


Romerne 8:16
Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.


Romerne 11:8
som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.


Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.


Romerne 15:27
Det vil dei gjerne gjera; dei står òg i gjeld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med materielle gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.


1 Korintierne 2:11
For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.


1 Korintierne 2:12
Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.


1 Korintierne 2:13
Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til.


1 Korintierne 2:14
Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis.


1 Korintierne 4:21
Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?


1 Korintierne 5:3
For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.


1 Korintierne 5:4
De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.


1 Korintierne 5:5
Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag.


1 Korintierne 6:17
Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.


1 Korintierne 9:11
Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle?


1 Korintierne 10:3
og dei åt alle den same åndelege maten


1 Korintierne 10:4
og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.


1 Korintierne 10:20
Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.


1 Korintierne 10:21
De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.


1 Korintierne 12:10
Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.


1 Korintierne 14:1
Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.


1 Korintierne 14:12
På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga!


1 Korintierne 14:14
For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.


1 Korintierne 14:15
Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden.


1 Korintierne 14:16
For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.


1 Korintierne 14:32
Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.


1 Korintierne 14:37
Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.


1 Korintierne 15:44
Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp. Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp.


1 Korintierne 15:45
Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.


1 Korintierne 15:46
Det åndelege var ikkje det første, men det sjelelege. Så kom det åndelege.


2 Korintierne 11:4
For de toler svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.


2 Korintierne 12:18
Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje han og eg gått fram i den same ånd og gått i dei same fotspora?


Galaterne 6:18
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, mine sysken! Amen.


Efeserne 2:2
De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige.


Efeserne 5:19
og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!


Efeserne 6:12
For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.


Filippenserne 1:27
Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet


Filippenserne 4:23
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!


Kolossenserne 1:16
For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter — ved han og til han er alt skapt.


Kolossenserne 2:5
For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.


Kolossenserne 2:10
og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.


Kolossenserne 2:15
Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.


Kolossenserne 3:16
Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta!


1 Tessalonikerne 5:23
Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem!


2 Tessalonikerne 2:2
Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.


1 Timoteus 4:1
Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vill, og til lære som kjem frå demonar


2 Timoteus 1:7
For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.


2 Timoteus 4:22
Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk!


Filemon 1:25
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!


Hebreerne 1:14
Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?


Hebreerne 4:12
For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.


Hebreerne 12:9
Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva?


Hebreerne 12:23
til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga,


Jakobs 2:19
Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same — og skjelv!


Jakobs 2:26
For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.


Jakobs 4:5
Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?


1 Peters 2:5
Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.


1 Peters 3:4
men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.


1 Peters 3:19
og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap.


1 Johannes 4:1
Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.


1 Johannes 4:2
På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.


1 Johannes 4:3
Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.


1 Johannes 4:6
Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.


3 Johannes 1:2
Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.


Apenbaring 1:4
Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans,


Apenbaring 3:1
Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes: Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er død.


Apenbaring 4:5
Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder.


Apenbaring 5:6
Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.


Apenbaring 9:20
Men resten av menneska, dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om frå det dei hadde laga med hendene sine, og heldt ikkje opp med å tilbe det. Dei tilbad vonde ånder og gudebilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.


Apenbaring 11:8
Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.


Apenbaring 16:13
Og eg såg at det kom tre ureine ånder ut or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.


Apenbaring 16:14
Dette er demoniske ånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på Guds, Den allmektiges store dag.


Apenbaring 18:2
Han ropa med høg røyst: « Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein gøymestad for alle ureine ånder, ein gøymestad for alle ureine fuglar, ein gøymestad for alle ureine og avskyelege dyr.


Apenbaring 21:10
I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.


Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)