A A A A A

Bibelen på ett år

September 26

Esaias 43:1-28
1. Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min.
2. Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg.
3. For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.
4. For di du er dyr for meg, du er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneskje burt for deg og folkeslag for ditt liv.
5. Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.
6. Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim ’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende,
7. kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, og som eg hev laga og gjort.»
8. Før fram det blinde folk som hev augo, og dei dauve som lel hev øyro!
9. Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!»
10. De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at det er eg. Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.
11. Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.
12. Eg hev kunngjort og frelst, eg, og ingen framand gud millom dykk hev forkynt det. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud,
13. Enn i dag er eg den same, og ingen kann berga or mi hand. Det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?
14. So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld eg utbod mot Babel og alle saman driv eg på flukt, kaldæarane på sine lystskip.
15. Eg, Herren, er dykkar Heilage, Israels skapar er dykkar konge.
16. So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei stride straumar,
17. som let vogner og hestar draga ut, både her og hovding - dei låg der og reiste seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som lampeveik -:
18. Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, og på det framfarne gjev ikkje agt!
19. Sjå, eg gjer noko nytt, no renn det, går de det ikkje? Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.
20. Dyri på marki skal æra meg, sjakalar og strussar, for eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt utvalde folk kann få drikka.
21. Det folk eg hev skapt meg, dei skal forkynna min pris.
22. Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel.
23. Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje meg æra med dine slagtoffer, ikkje hev eg brytt deg med grjonoffer, og ikkje med røykjelse plåga deg.
24. Ikkje hev du for pengar kjøpt meg krydderøyr, og ikkje kveikt meg med feittet av dine slagtoffer. Nei, du hev trøytta meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.
25. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningarne dine for mi skuld, og eg kjem ikkje synderne dine i hug.
26. Minn meg, so gjeng me saman til doms, fortel du, so du kann få rett!
27. Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg.
28. So laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og Israel gjeva til spott.

Esaias 44:1-28
1. Men høyr no, Jakob, tenaren min, du Israel som eg hev valt ut!
2. So segjer Herren som skapte deg, som laga deg frå morsliv og hjelper deg: Ver ikkje rædd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut.
3. For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.
4. Dei skal veksa upp millom graset som pilar ved bekkjefar.
5. Ein segjer: «Eg høyrer Herren til,» ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren,» og brukar til ærenamn Israel.
6. So segjer Herren, Israels konge, og hans utløysar Herren, allhers drott: Eg er den fyrste og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.
7. Kven forkynte jamt og samt som eg - lat han melda og leggja det fram for meg! - frå den tid eg skapte fornalder-folket? Og lat deim melda det som i framtidi kjem!
8. Ver ikkje forstøkte og rædde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og meldt deg det? De er mine vitne; finst det nokon Gud utan meg? Nei, eg veit ikkje um noko anna berg.
9. Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.
10. Um nokon lagar ein gud og støyper eit bilæte, er det til unyttes.
11. Alle som held seg til det, skal verta til skammar, og meistrarne er berre menneskje, lat deim samla seg og stiga fram alle, dei skal ræddast og verta til skammar alle i hop.
12. Smeden kvesser ei øks og lagar henne til i koleld og formar henne med sleggjor, og han gjer henne ferdig med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar magti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.
13. Snikkaren spanar snori og ritar med gravstikka, han slettar med hyvelen og dreg ringar med passaren; so lagar han dei som eit mannslike, som ein fager mann som fær bu i eit hus.
14. Ein gjev seg til å hogga cedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit millom skogstrei. Han plantar ei fura, og regnet fær henne til å veksa.
15. Mannen brukar treet til å brenna, han tek av det og vermer seg, ja, han kveikjer på og bakar brød. So gjer han og ein gud som han bed til, han formar eit gudebilæte som han bøygjer kne for.
16. Helvti av det brenner han upp i elden, ved den helvti et han kjøt, steikjer ei steik og mettar seg. Han vermer seg og, og segjer: «Hå, eg vert varm, eg merkar eld!»
17. Resten av det gjer han til ein gud, til sin avgud som han bøygjer seg for og bed til, og han bed soleis: «Frels meg, for du er min gud!»
18. Dei er utan vit og skyn, for attklistra er augo deira, so dei ikkje ser, og hjarto deira so dei ikkje skynar.
19. Ingen tenkjer seg um, ingen hev klokskap og skyn nok til å segja med seg: «Helvti hev eg brent upp i elden, i gløderne hev eg baka brød og steikt kjøt og ete, og so skulde eg laga resten til eit ufyselegt bilæte og bøygja kne for ein trekubbe!»
20. Den som agtar på oska, honom hev eit forvilla hjarta dåra, so han ikkje kjem til å frelsa si sjæl og segja: «Det er lygn det eg held i mi høgre hand!»
21. Kom dette i hug, du Jakob, du Israel, min tenar! Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.
22. Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
23. Jubla, himlar! For Herren hev sett det i verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell! Du skog med kvart eit tre! For Herren hev løyst ut Jakob, og syner seg herleg på Israel.
24. So segjer Herren, utløysaren din, skaparen din frå moderliv: Eg er Herren som allting gjer, himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp.
25. Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.
26. Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.
27. Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»
28. Eg segjer til Kyrus: «Min hyrding!» Han skal fullføra all min vilje og til Jerusalem segja: «Vert bygd! Og templet verta grunnlagt!»

Salmenes 110:1-7
1. Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!»
2. Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!
3. Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.
4. Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
5. Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
6. Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.
7. Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

Salomos Ordsprog 26:5-9
5. Svara dåren etter hans dårskap, so han ei skal tykkja han sjølv er vis!
6. Føterne høgg han av seg, og vald fær han drikka, han som sender bod med ein dåre.
7. Visne heng vanfør manns føter, so og ordtak i munnen på dårar
8. som å binda ein stein i slyngja, soleis er det å gjeva ein dåre æra.
9. Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar.

Galaterne 4:1-31
1. Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman;
2. men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett.
3. Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi.
4. Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,
5. so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten.
6. Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!»
7. So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud.
8. Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar.
9. Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom?
10. De tek vare på dagar og månader og tider og år;
11. eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk.
12. Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg.
13. Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,
14. og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.
15. Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.
16. Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!
17. Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim.
18. Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.
19. Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!
20. Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk.
21. Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi?
22. For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.
23. Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden.
24. I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar;
25. for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.
26. Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår.
27. For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.»
28. Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.
29. Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og.
30. Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.»
31. So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.