A A A A A

Jeremias 29:1-29
1. Og dette er ordi i det brevet som profeten Jeremia sende frå Jerusalem til deim som endå livde att av dei øvste millom dei burtførde, og til prestarne og profetarne og alt det folket som Nebukadnessar hadde ført burt frå Jerusalem til Babel,
2. då kong Jekonja og kongsmori og hirdmennerne, dei høgste i Juda og Jerusalem og timbremennerne og smedarne var farne burt or Jerusalem.
3. Brevet sende han med El’asa Safansson og Gemarja Hilkiason, som Sidkia, Juda-kongen, sende til Nebukadnessar, Babel-kongen, til Babel; det lydde so:
4. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, til alle dei burtførde som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel:
5. Bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti av deim!
6. Tak dykk konor og avla søner og døtter, og tak konor åt sønerne dykkar, og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter, so de kann fjølgast der og ikkje minka i tal!
7. Og stræva etter det, at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for honom til Herren! For når det gjeng honom vel, so gjeng det dykk vel.
8. For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetarne som er hjå dykk og av spåmennerne dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumarne dykkar som de drøymer!
9. For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn, og eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren.
10. For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.
11. For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.
12. Og de skal påkalla meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk.
13. Og de skal søkja meg og finna meg, når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.
14. Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.
15. For de segjer: «Herren hev reist upp profetar åt oss i Babel.»
16. For so segjer Herren um kongen som sit på Davids kongsstol og um alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje vart burtførde saman med dykk,
17. so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg sender imot deim sverd og svolt og sott og gjer med deim som ein gjer med dei utskjemde fikorne som er so låke at dei ikkje er etande.
18. Og eg elter deim med sverd, med svolt og med sott, og eg vil gjera deim til ei skræma for alle riki på jord, til ei våbøn og ein støkk, og til ei spott og ei hæding millom alle dei folki som eg driv deim til,
19. for di at dei lydde ikkje på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetarne, til deim, jamt og samt, men de høyrde ikkje, segjer Herren.
20. Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!
21. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um Ahab Kolajason og um Sidkia Ma’asejason som spår lygn åt dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev deim i handi på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal drepa deim framfor dykkar augo.
22. Og etter deim skal dei laga ei våbøn, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: «Herren gjere med deg likeins som med Sidkia og Ahab, som Babel-kongen steikte i elden!»
23. For dei for med skjemdarverk i Israel og dreiv hor med grannekonorne sine og for med lygne-rødor i mitt namn, slikt som eg ikkje hadde sett deim til; eg veit det då og kann vitna um det, segjer Herren.
24. Og dette skal du segja med Semaja, nehelamiten:
25. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Du hev sendt brev i ditt namn til alt folket i Jerusalem og til presten Sefanja Ma’asejason og til alle prestarne, og sagt:
26. «Herren hev sett deg til prest i staden for presten Jojada, so det skal vera tilsynsmenner i Herrens hus yver alle som er frå vitet gjengne og driv på og spår, so du kann setja deim i stokk og halsjarn.
27. Kvi hev du då ikkje refst Jeremia frå Anatot som driv og spår åt dykk?
28. For på denne måten hev han kunna gjera ordsending til oss i Babel og sagt: «Dette vert ei lang-æva; bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti or deim!»»
29. Og presten Sefanja hadde lese dette brevet upp for profeten Jeremia.

Jeremias 30:1-24
1. Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
2. So segjer Herren, Israels Gud: Skriv deg upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!
3. For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let deim koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann taka det til eign.
4. Og dette er dei ordi som Herren hev tala um Israel og um Juda:
5. So segjer Herren: Eit rædslerop hev me høyrt; otte og ingen fred.
6. Spør og sjå etter um ein karmann føder barn! Kvi ser eg då alle mann med henderne på lenderne liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andliti vortne nåbleike?
7. Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like. Ja, ei trengsletid er det for Jakob, men han skal verta frelst derifrå.
8. Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers drott, at eg vil brjota oket hans av halsen din, og bandi dine vil eg riva sund. Ja, framande skal ikkje trælka honom lenger.
9. Men dei skal tena Herren, sin Gud, og David, sin konge, som eg vil reisa upp åt deim.
10. So ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg frå det burtlengste land og avkjømet ditt frå det landet som dei var burtførde til. Og Jakob skal snu heim att og vera i ro og trygd, og ingen skal skræma honom.
11. For eg er med deg, segjer Herren, til å frelsa deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev spreidt deg imillom, det er berre deg eg ikkje vil gjera ende på, men eg vil aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
12. For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.
13. Ingen tek saki di på seg og kreistar verken ut; det bid ikkje helsebot, ikkje plåster for deg.
14. Alle elskarane dine hev gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. For eg hev slege deg likeins som ein fiende slær, eg hev aga deg som den miskunnlause, for di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange.
15. Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.
16. Difor skal alle som et på deg, verta upp-etne, og alle som er trengjer deg, verta burtførde, alle saman, og dei som herjar deg, skal verta herja, og alle som ranar frå deg, vil eg gjeva til ran.
17. For eg vil grøda såri dine og lækja deg etter slagi du hev fenge, segjer Herren, av di dei kallar deg «den burtdrivne», «Sion som ingen spør etter».
18. So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.
19. Og det skal ljoma av lovsangar og leikstemne-ljod frå deim. Og eg vil lata deim aukast og ikkje minka, og eg vil æra deim, og dei skal ikkje verta mismætte.
20. Og sønerne hans skal vera som fordom, og lyden hans skal standa grunnfest framfor mi åsyn, og eg vil heimsøkja alle som trengjer honom.
21. Og hans herlege skal vera utstokken frå honom sjølv, og drotten hans skal ganga fram or hans eigen flokk. Og eg vil lata honom nærra seg åt meg, so han fær koma til meg; for kven kunde elles vera so hjartug, at han kom meg nær? segjer Herren.
22. Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
23. Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein rjukande storm: ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
24. Herrens brennande vreide skal ikkje halda upp fyrr han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar. I dagarne som kjem, skal de skyna det.

Salmenes 119:41-48
41. Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!
42. Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.
43. Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.
44. Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.
45. Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!
46. Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.
47. Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.
48. Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.

Salomos Ordsprog 27:19-19
19. Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje.

1 Timoteus 1:1-20
1. Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2. til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3. Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra,
4. og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det!
5. Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru,
6. som sume hev fare vilt ifrå og vendt seg burt til tomt svall,
7. dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um.
8. Men me veit at lovi er god, dersom nokon brukar henne på lovleg vis,
9. so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar,
10. horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra,
11. etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate.
12. Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta,
13. meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru,
14. og nåden hjå vår Herre viste seg ovleg stor i tru og kjærleik i Kristus Jesus.
15. Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største;
16. men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv.
17. Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen.
18. Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden,
19. med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui;
20. imillom deim er Hymenæus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta.