Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 7

1 Samuels 8

9 →
1

Då Samuel vart gamall, sette han sønerne sine til domarar i Israel.

2

Fyrstefødde son hans heitte Joel, andre son hans Abia; dei heldt dom i Be’erseba.

3

Men sønerne fylgde ikkje hans fotefar; dei let seg lokka av låk vinning og tok mutor, og rengde retten.

4

Alle dei øvste i Israel samla seg då og kom til Samuel i Rama.

5

Dei sagde til honom: «Sjå, du hev vorte gamall, og sønerne dine fylgjer ikkje dine fotefar. So set no ein konge yver oss til å skifta rett, liksom alle dei hine folki hev!»

6

Men Samuel mislika dette, at dei sagde: «Gjev oss ein konge til å skilja trættorne våre!» Og Samuel bad til Herren.

7

Men Herren sagde til Samuel: «Lyd folkekravet! Ikkje deg hev dei vanda; meg hev dei vanda, og vil ikkje hava meg til konge lenger.

8

Liksom dei hev fare åt alle dagar frå den tid eg førde deim upp frå Egyptarland, då dei snudde ryggen til meg og tente andre gudar; soleis fer dei ogso åt mot deg.

9

Lyd kravet deira! Men vara deim ålvorleg, og seg kva rett ein konge tek seg når han rikjer yver deim!»

10

Og Samuel fortalde til folket som kravde ein konge av honom, alt det Herren hadde sagt.

11

Han sagde: «Dette tek han seg rett til, den kongen som kjem til å rikja yver dykk: Sønerne dykkar vil han taka og bruka framfor vognerne og hestarne sine, so dei lyt springa framfyre vognerne;

12

sume vil han setja til førarar og underførarar for herflokkerne sine; sume vil han setja til å pløgja åkerjordi si og til å gjera skurdonni og laga krigsvåpni sine og køyregreidorne sine;

13

og døtterne dykkar vil han taka til å laga kryddesalve og til å koka og baka.

14

Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine.

15

Han vil taka tiend av såjordi og vinhagarne dykkar og gjeva henne åt hirdmennerne og tenarane sine.

16

Dessutan vil han taka tenestdrengjerne og tenestgjentorne dykkar og dei likaste unggutarne dykkar, og asni dykkar vil han taka og bruka i si eigi tenesta.

17

Av buskapen dykkar vil han taka tiend, og de lyt sjølve vera trælarne hans.

18

Då vil de ropa til Herren for den kongen skuld som de sjølv hev valt dykk. Men då vil han ikkje svara dykk.»

19

Men folket vilde ikkje lyda Samuel; «Nei,» sagde dei, «so sanneleg vil me hava ein konge.

20

Me vil vera jamgode med alle dei hine folki; me vil hava ein konge til domar og til hovding yver heren i krig.»

21

Då Samuel høyrde alt det folket sagde, bar han det fram for Herren.

22

Og Herren sagde til Samuel: «Lyd deim og set ein konge yver deim!» Då sagde Samuel til Israels-sønerne: «Far heim kvar til sin by!»

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921