Bibelvalg
Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921

1 Peters 5

1

Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:

2

Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug,

3

ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi.

4

Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.

5

Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

6

So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!

7

Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!

8

Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;

9

statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!

10

Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.

11

Honom høyrer magti til i all æva. Amen.

12

Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i.

13

Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.

14

Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921