|
|
|
|
Gamle Testamentet
|
|
Nytt Testament
|
|
|
|
Norsk Bibel 1921
|
|
|
|
1 |
Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menner undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konorne deira syner, |
2 |
når dei ser for augo dykkar reine ferd i otte. |
3 |
Deira prydnad skal ikkje vera utanpå, med hårflettingar eller påhengt gull eller klædebunad, |
4 |
men hjartans løynde menneskje i den uforgjengelege prydnad med den mjuke og stille ånd, som er gjæv for Gud. |
5 |
For soleis prydde fordom dei heilage kvinnorne seg, dei som sette si von til Gud og var sine eigne menner undergjevne, |
6 |
liksom Sara lydde Abraham og kalla honom herre; hennar døtter hev de vorte når de gjer godt og ikkje ottast for nokor skræmsla. |
7 |
Like eins de menner: De skal liva vitugt saman med konorne som det veikare kjerald, og visa deim æra, sidan dei og er medervingar til livsens nåde, so dykkar bøner ikkje skal verta hindra! |
8 |
Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke! |
9 |
Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning. |
10 |
For «den som vil elska livet og sjå gode dagar, han skal halda tunga frå det som vondt er og lipporne frå svikfull tale; |
11 |
han vike frå vondt og gjere godt, han søkje fred og trå etter honom! |
12 |
For Herrens augo er yver dei rettferdige, og hans øyro vende til deira bøn; men Herrens åsyn er yver deim som gjer vondt.» |
13 |
Og kven er det som kann gjera dykk vondt når de stræver etter det gode? |
14 |
Men um de og skulde lida for rettferds skuld, so er de sæle. Men ottast ikkje for deim og ræddast ikkje; men helga Kristus til herre i hjarto dykkar! |
15 |
Og ver alltid ferdige til å forsvara dykk for kvar ein som krev rekneskap av dykk for den voni som bur i dykk, men med spaklynde og age! |
16 |
Og hav eit godt samvit, so dei som lastar dykkar gode ferd i Kristus, må verta til skammar i det som dei baktalar dykk for som illgjerdsmenner. |
17 |
For det er betre, um so er Guds vilje, å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt. |
18 |
For Kristus leid og ein gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, for å føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart livandegjord i åndi, |
19 |
og i denne gjekk han og burt og preika for ånderne som var i varetekt, |
20 |
dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, då arki vart bygd, der nokre få, det er åtte sjæler, vart frelste gjenom vatn, |
21 |
det som no og frelser oss i motbilætet dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, |
22 |
han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og magter og krafter er honom underlagde. |
Norwegian Bible 1921 |
Public Domain: 1921 |