Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 5

1 Peters 1

2 →
1

Peter, Jesu Kristi apostel, til dei utlendingar som er spreidde i Pontus, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, utvalde

2

etter Gud Faders fyrevitende ved Andens helging til lydnad og yverskvetting med Jesu Kristi blod: Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

3

Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som etter si store miskunn hev atterfødt oss til ei livande von ved Jesu Kristi uppstoda frå dei daude,

4

til ein uforgjengeleg og flekklaus og uvisneleg arv, som er gøymd i himmelen åt dykk,

5

de som ved Guds magt vert upphaldne ved trui til den frelsa som er ferdig til å verta openberra i den siste tid.

6

Det gled de dykk yver, um de og no ei lita stund - når so skal vera - er sorgtyngde i ymse freistingar,

7

so dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull, som de veit vert prøvt i eld, må verta funni til lov og pris og æra i Jesu Kristi openberring,

8

han som de ikkje hev kjent, men endå elskar, han som de no ikkje ser, men endå trur på og gled dykk med usegjeleg og herleggjord gleda,

9

når de vinn fram til målet for trui, frelsa for sjælerne.

10

Um denne frelsa var det profetarne granska og grunda, dei som spådde um den nåde de skulde få,

11

med di dei grunda på kva tid eller kva slag tid Kristi Ande som var i deim, viste fram til, når han vitna fyreåt um Kristi lidingar og um herlegdomen deretter;

12

for det var deim openberra, at dei tente ikkje seg sjølve, men oss med dette som no er kunngjort dykk ved deim som hev forkynt dykk evangeliet ved den Heilage Ande, som vart send frå himmelen - dette som englarne hev hug til å skoda inn i.

13

Difor, umgyrd dykkar hugs lender, ver ædrue og set dykkar von fullt og fast til den nåde som de fær tilførd ved Jesu Kristi openberring!

14

Som lyduge born skal de ikkje skikka dykk etter dei fyrre lysterne i dykkar vankunna,

15

men ver, etter den Heilage som kalla dykk, ogso de heilage i all dykkar ferd!

16

for det stend skrive: «De skal vera heilage, for eg er heilag!»

17

Og når de påkallar honom som Fader, som dømer utan å gjera skilnad, etter kvar manns gjerning, so ferdast med otte den tid de liver i utlendingskapen;

18

for de veit at de ikkje med forgjengelege ting, sylv eller gull, vart frikjøpte frå dykkar fåfengde ferd, som de hadde ervt ifrå federne,

19

men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastelegt og lytelaust lamb.

20

Han var kjend fyreåt, fyrr verdi vart grunnlagd, men vart openberra i dei siste tider for dykkar skuld,

21

de som ved honom trur på Gud, som vekte honom upp frå dei daude og gav honom herlegdom, so trui dykkar og er von til Gud.

22

Reinsa sjælerne dykkar i lydnad mot sanningi til uskrymta broderkjærleik, og elska kvarandre inderleg av hjarta,

23

de som er atterfødde, ikkje av forgjengelegt, men uforgjengelegt sæde, ved Guds ord, som liver og varer!

24

For alt kjøt er som gras, og all herlegdomen hjå det som blom på gras. Graset visna, og blomen på det fall av.

25

Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt for dykk ved evangeliet.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921