Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 18

Josvas 19

20 →
1

Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.

2

Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og Molada

3

og Hasar-Sual og Bala og Esem

4

og Eltolad og Betul og Horma

5

og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa

6

og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;

7

Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,

8

og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.

9

Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.

10

Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11

Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.

12

I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.

13

Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.

14

So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.

15

I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.

16

Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.

17

Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.

18

I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og Sunem

19

og Hafarajim og Sion og Anaharat

20

og Rabbit og Kisjon og Ebes

21

og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.

22

Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.

23

Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

24

Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.

25

I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf

26

og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;

27

i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul

28

og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.

29

So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.

30

Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.

31

Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

32

På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.

33

Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.

34

So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.

35

Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret

36

og Adama og Rama og Hasor

37

og Kedes og Edre’i og En-Hasor

38

og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.

39

Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

40

På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.

41

I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes

42

og Sa’alabbin og Ajjalon og Jitla

43

og Elon og Timnata og Ekron

44

og Elteke og Gibbeton og Ba’alat

45

og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon

46

og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.

47

Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.

48

Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

49

Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;

50

dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.

51

Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921