Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 4

2 Timoteus 5

6 →
1

For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder,

2

som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom,

3

og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv.

4

Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron.

5

So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.»

6

Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»

7

Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,

8

og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid;

9

og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom,

10

med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis.

11

Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra.

12

For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.

13

For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.

14

Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921