Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norwegian Bible 1921
← 4

Galaterne 5

6 →
1

Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!

2

Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.

3

Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.

4

De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.

5

For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um;

6

for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik.

7

De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi?

8

Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk.

9

Ein liten surdeig syrer heile deigen.

10

Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er.

11

Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.

12

Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp!

13

For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik!

14

for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»

15

Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp!

16

Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!

17

For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.

18

Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.

19

Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad,

20

avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar,

21

misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.

22

Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

23

[Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi.

24

Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne.

25

Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!

26

Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921