Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 22

Apostlenes Gjerninge 23

24 →
1

Då feste Paulus augo på rådet og sagde: «Brør! Eg hev med alt godt samvit fare mi ferd for Gud til denne dag.»

2

Øvstepresten Ananias baud deim som stod der, å slå honom på munnen.

3

Då sagde Paulus til honom: «Gud skal slå deg, du kalka vegg! Og du sit her og skal døma meg etter lovi, og imot lovi byd du at dei skal slå meg!»

4

Dei som stod der, sagde: «Skjeller du ut Guds øvsteprest?»

5

Og Paulus sagde: «Eg visste ikkje, brør, at det var øvstepresten; for det stend skrive: «Ein hovding for ditt folk skal du ikkje skjella!»»

6

Då no Paulus visste at den eine parten av deim var sadducæarar, og den andre farisæarar, ropa han i rådet: «Brør! Eg er ein farisæar, son åt farisæarar; det er for von og for uppstoda av daude at eg stend her for retten.»

7

Då han hadde sagt dette, vart det strid millom farisæarane og sadducæarane, og flokken vart usamd.

8

For sadducæarane segjer at det ikkje er nokor uppstoda og ingen engel eller ånd heller. Men farisæarane vedkjenner seg båe dei ting.

9

No vart det eit stort skrik, og skriftlærde av farisæarflokken stod upp og stridde hardt og sagde: «Me finn inkje vondt hjå dette menneskjet; um det no var ei ånd som tala til honom, eller ein engel?»

10

Då det vart stor strid, og den øvste hovudsmannen vart rædd for at dei skulde slita Paulus sund, baud han hermennerne ganga ned og riva honom ifrå deim og føra honom inn i borgi.

11

Men natti etter stod Herren framfyre honom og sagde: «Ver hugheil! liksom du vitna um meg i Jerusalem, so skal du og vitna i Rom.»

12

Men då det vart dag, slo jødarne seg saman og forbanna seg på at dei korkje skulde eta eller drikka fyrr dei hadde drepe Paulus.

13

Det var meir enn fyrti som soleis hadde samansvore seg;

14

og dei gjekk til øvsteprestarne og dei eldste og sagde: «Me hev forbanna oss på at me ikkje skal smaka nokon ting fyrr me hev drepe Paulus.

15

No må de då saman med rådet lata den øvste hovudsmannen vita, at han skal føra honom ned til dykk, liksom de vilde ransaka grannare um honom. So held me oss ferdige til å drepa honom fyrr han når fram.»

16

Men systerson til Paulus fekk høyra um den løynrådi, og han kom og gjekk inn i borgi og fortalde Paulus det.

17

Paulus kalla då ein av hovudsmennerne til seg og sagde: «Før denne unge mannen til den øvste hovudsmannen, for han hev noko å melda honom.»

18

Han tok honom då med seg og førde honom til den øvste hovudsmannen og sagde: «Den bundne Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge mannen til deg, då han hadde noko å segja deg.»

19

Den øvste hovdingen tok honom ved handi og gjekk i einrom med honom og spurde: «Kva er det du hev å melda meg?»

20

Han sagde: «Jødarne er samrådde um å beda deg at du i morgon skal føra Paulus ned til rådet, liksom dei vilde spyrja noko grannare um honom.

21

Du må ikkje gjera deim til viljes, for meir enn fyrti menner av deim lurer i løynd på honom, og dei hev forbanna seg på at dei korkje skal eta eller drikka fyrr dei hev drepe honom; og no er dei ferdige og ventar på ja-minne frå deg.»

22

Den øvste hovudsmannen let då den unge mannen ganga og baud honom: «Du må ikkje fortelja nokon at du hev late meg vita dette!»

23

Og han kalla til seg eit par av hovudsmennerne og sagde: «Lat tvo hundrad hermenner helda seg ferdige til å fara til Cæsarea, og sytti hestfolk og tvo hundrad skyttarar, frå den tridje timen på natti!»

24

Og han baud at dei skulde halda øyk i stand, so dei kunde lata Paulus rida på deim og føra honom trygt fram til landshovdingen Feliks.

25

Og han skreiv eit brev med dette innhaldet:

26

«Klaudius Lysias helsar den megtige landshovdingen Feliks.

27

Denne mannen, som var gripen av jødarne og so nær hadde vorte drepen av deim, honom kom eg og fria ut med herfolket, då eg fekk vita at han var romersk borgar;

28

og då eg vilde vita kva sak det var dei klaga honom for, førde eg honom ned for rådet deira.

29

Eg fann honom då klaga for nokre spursmål i deira lov, men utan noko klagemål som gjorde honom skuldig til daude eller lekkjor.

30

Men då det no er meldt meg at ei meinråd mot mannen er i gjerdom, sender eg honom straks til deg, etter at eg hev bode klagarane hans å bera fram for deg det dei hev å segja.»

31

So tok då hermennerne Paulus, so som det var deim pålagt, og førde honom um natti til Antipatris,

32

og dagen etter let dei hestfolket draga med honom og vende so um att til borgi.

33

Hine kom då til Cæsarea og gav landshovdingen brevet, og dei førde og Paulus fram for honom.

34

Då han hadde lese det og spurt kva land han var ifrå, og hadde fenge vita at han var frå Kilikia, sagde han:

35

«Eg skal taka deg i forhøyr når klagarane dine kjem.» Og han baud at han skulde haldast i varetekt i Herodes-borgi.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921