Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norwegian Bible 1921
← 5

Matteus 6

7 →
1

Agta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningarne dykkar for augo på folk, so dei skal sjå kor gjæve de er! For då hev de ingi løn i vente hjå far dykkar i himmelen.

2

Vil du gjeva ei sælebotsgåva, so blås ikkje fyrst i luren um det, som hyklarane gjer i synagogorne og på gatorne, so folk skal rosa deim; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn!

3

Men når du gjev ei sælebotsgåva, so lat ’kje den vinstre handi di vita kva den høgre handi di gjer!

4

Lat gåva di vera duld, og far din som ser det som dult er, han skal løna deg upp i dagen!

5

Når de bed, so far ikkje åt som hyklarane! For dei vil helst standa i synagogorne og på gatehyrno og halda bøn, so dei kann få syna seg fram for folk; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.

6

Men når du vil beda, då gakk inn i kammerset ditt, og lat att døri, og bed til far din som er i det dulde, og far din som ser i det dulde, skal løna deg upp i dagen.

7

Remsa ikkje upp mange ord når de bed! So gjer heidningarne - dei trur bønerne deira skal høyrast for dei mange ordi skuld.

8

Gjer då ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, fyrr de bed honom um det.

9

Soleis skal de beda: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast;

10

lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;

11

gjev oss i dag vårt daglege brød;

12

og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;

13

og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen.

14

For um de forlet andre misgjerningarne deira, so skal far dykkar i himmelen forlata dykk og;

15

men forlet de ikkje andre, so skal ikkje far dykkar heller forlata dykkar misgjerningar.

16

Når de fastar, skal de ikkje laga dykk sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andlitet, so folk skal sjå at dei fastar; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.

17

Men når du fastar, då salva hovudet og två andlitet ditt,

18

so ikkje folk, men far din i det dulde, kann sjå at du fastar, og far din som ser i det dulde, skal løna deg.

19

Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel,

20

men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mol eller makk øydelegg, og tjuvar aldri bryt seg inn og stel!

21

For der skatten din er, der vil hjarta ditt og vera.

22

Auga er ljoset i likamen; er auga ditt klårt, so vert heile likamen ljos;

23

er auga ditt dimt, so vert heile likamen myrk. Når då ljoset inni deg er myrkt, kor stort vert ikkje myrkret då!

24

Ingen kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda utav den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin; de kann ikkje tena både Gud og Mammon.

25

Difor segjer eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for likamen dykkar, kva de skal klæda dykk med! Er ikkje livet meir enn maten og likamen meir enn klædi?

26

Sjå på fuglarne i lufti: Dei sår ikkje, og haustar ikkje, og samlar ikkje i hus, og far dykkar i himmelen føder deim like vel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27

Og kven av dykk kann leggja ei einaste aln til livsvegen sin, um han syter aldri so mykje?

28

Og kvi syter de for klædi? Sjå liljorne på marki, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje, dei spinn ikkje;

29

men eg segjer dykk at ikkje sjølve Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.

30

Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, skulde han då ’kje mykje heller klæda dykk, de fåtruande!

31

So må de då ikkje syta og segja: «Kva skal me eta?» eller: «Kva skal me drikka?» eller: «Kva skal me klæda oss med?»

32

For alt det spør heidningarne etter; men far dykkar i himmelen veit at alt sovore treng de um.

33

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå!

34

So syt då ikkje for morgondagen! Morgondagen lyt syta for seg. Kvar dag hev nok med si møda.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921