Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 14

4 Mosebok 15

16 →
1

Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2

«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,

3

og de lagar til offermat for Herren - brennoffer eller slagtoffer av storfe eller småfe, til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller ei gåva det gjev i godvilje, eller eit høgtidsoffer,

4

so skal det attåt offeret som de ber fram for Herren, koma med eit grjongåva, og det skal vera ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna olje,

5

og til drykkoffer skal du gjeva ei halvkanna vin attåt brenn- eller slagtofferet, dersom det er eit lamb;

6

er det ein ver, so skal du til grjonoffer gjeva tvo kannor fint mjøl, blanda med tvo pottar olje,

7

og til drykkoffer skal du bera fram tvo pottar vin; då er det eit offer som angar godt for Herren.

8

Ofrar de ein ung ukse til brennoffer eller slagtoffer, anten det er ein lovnad de vil løysa, eller eit takkoffer til Herren,

9

so skal du attåt uksen bera fram tri kannor fint mjøl, blanda med ei kanna olje, til grjonoffer,

10

og til drykkoffer ei kanna vin; då er det ein offerrett som gjev god ange for Herren.

11

Soleis skal de gjera for kvar ukse og ver og for kvart lamb eller kid

12

de ofrar, anten offerdyri er få eller mange.

13

Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg no hev sagt, når dei vil bera fram ein offerrett til godange for Herren.

14

Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller i framtidi kjem til å bu millom dykk, og vil bera fram ein offerrett til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de.

15

Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.

16

Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som bur hjå dykk.»»

17

Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

18

«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil føra dykk til,

19

og et av den maten de avlar der, so skal de koma med ei reida til Herren:

20

Av det fyrste gropet de mel, skal de bera fram ei kaka til reida for Herren, liksom de ber fram reida frå treskjarstanden -

21

av det fyrste malingi skal de all tid gjeva Herren ei reida.

22

Fer de i mist, og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses,

23

og som Moses hev kunngjort for dykk, anten no, med same Herren hev gjeve bodet, eller seinare frametter tidi,

24

og det er uviljande gjort, og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med grjonoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,

25

og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome til Herren med offergåva si og bore fram syndofferet sitt til bot for si misferd.

26

Både heile Israels-lyden og dei framande som bur millom deim, skal få tilgjeving. For heile folket var saka i misferdi.

27

Er det ein einskildmann som uviljande hev synda, so skal han bera fram ei årsgamall geit til syndoffer.

28

Og presten skal beda til Herren for den som uviljande hev misfare seg og synda, og gjera soning for honom, so skal han få tilgjeving.

29

Dette gjeld både for den som er fødd og boren millom Israels-folket og for den framande som bur millom deim. Det gjeld same retten for dykk alle, når de uviljande gjer noko gale.

30

Men den som med vilje gjer noko vondt, anten det er eit heimemenneskje eller ein framand, han hæder Gud og skal rydjast ut or folket sitt;

31

for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans: den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.»»

32

Då Israels-folket var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein helgedag.

33

Dei som kom yver honom medan han sanka veden, førde honom fram for Moses og Aron og heile lyden.

34

Og dei sette honom fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med honom.

35

Då sagde Herren til Moses: «Mannen skal lata livet: Heile lyden skal steina honom utanfor lægret.»

36

So førde heile lyden honom ut til ein stad utanfor lægret, og steina honom i hel, soleis som Herren hadde sagt til Moses.

37

Og Herren sagde til Moses:

38

«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim, at dei skal gjera seg duskar og hava i snipparne på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei purpursnor.

39

Dei duskarne skal de hava til prydnad, og når de ser på deim, skal de minnast alle Herrens bod og halda dykk etter deim, so de ikkje fer hit og dit etter som hjarta og augo segjer dykk til; for dei lokkar dykk jamleg til utruskap.

40

Det er so de skal koma i hug å halda alle bodi mine og vera heilage for dykkar Gud.

41

Eg er Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og vil vera dykkar Gud. Eg, Herren, er dykkar Gud.»

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921