Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 1

Daniel 2

3 →
1

I det andre styringsåret åt Nebukadnessar hadde Nebukadnessar draumar som sette uro i hugen hans, so han ikkje fekk sova.

2

Då let kongen senda bod etter runemeistrarne og manararne og trollmennerne og kaldæarane, og vilde at dei skulde fortelja kongen kva han hadde drøymt. Og dei kom og gjekk fram for kongen.

3

Og kongen sagde til deim: «Eg hev havt ein draum, og hev slik uro i hugen etter å få vita kva eg hev drøymt.»

4

Då tala kaldæarane til kongen på aramæisk: «Kongen live æveleg! Fortel tenarane dine draumen, so skal me segja deg kva han tyder.»

5

Kongen svara kaldæarane: «Nei, min vilje stend uruggeleg fast, at dersom de ikkje segjer meg draumen og uttydingi på honom, so skal de verta hoggne i sund, og husi dykkar gjorde til sorphaugar.

6

Men dersom de fortel meg draumen og uttydingi på honom, so skal de få rike gåvor og stor æra av meg. Seg meg difor draumen og uttydingi på honom!»

7

Dei svara og sagde andre gongen: «Kongen må fortelja draumen til tenarane sine, so skal me segja kva han tyder.»

8

Kongen svara og sagde: «Eg merkar grant at de vil vinna tid, sidan de ser at min vilje er uruggeleg.

9

Dersom de ikkje segjer meg draumen, kann domen yver dykk ikkje verta anna enn ein. Ja, de er vorte samde um å fara med lygn og skjemdarsvall for meg, i von um at tiderne skal snu seg. Seg meg no difor kva eg hev drøymt, so skynar eg at de og kann uttydingi på det.»

10

Då svara kaldæarane kongen og sagde: «Det finst ikkje eit menneskje på jordi som kann segja kongen det som han vil vita; aldri hev då heller nokon konge, kor stor og megtig han so hev vore, kravt noko slikt av nokon runemeister eller manar eller kaldæar.

11

For det som kongen krev, er so altfor vandt, og det finst ingen som kann fortelja kongen det, utan gudarne, og dei bur ikkje millom døyelege menneskje.»

12

Då vreidest kongen og harmast mykje, og baud at dei skulde tyna alle dei vise i Babel.

13

Då so påbodet var utferda, og dei skulde drepa dei vise, leita dei og etter Daniel og fosterbrørne hans og vilde drepa deim.

14

Daniel vende seg då med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen yver livvakti åt kongen, som hadde drege ut og skulde drepa dei vise i Babel.

15

Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvi hev kongen ferda ut dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel kva som var tids.

16

Og Daniel gjekk inn og bad kongen gjeva honom frest, so skulde han kunngjera kongen uttydingi.

17

Sidan gjekk Daniel heim og fortalde Hananja, Misael og Azarja, fosterbrørne sine, kva som var tids,

18

og han baud deim at dei skulde beda Gud i himmelen um miskunn, so at denne løyndomen måtte verta openberra, so ikkje Daniel og fosterbrørne hans skulde lata livet tilliks med dei andre vise i Babel.

19

Då fekk Daniel vita løyndomen i ei syn um natti. Og Daniel lova Gud i himmelen for dette.

20

Daniel tok til ords og sagde: «Lova vere Guds namn frå æva og til æva! For visdom og magt høyrer honom til!

21

Han let tider og stunder verta umskifte, set kongar av og set kongar inn, han gjev dei vise visdom og dei vituge vit.

22

Han openberrar det djupe og det dulde, han veit kva som i myrkret er, og hjå han bur ljoset.

23

Deg, min fedregud, takkar og prisar eg for di du hev gjeve meg visdom og dugleik, og no hev kunngjort meg det me bad deg um. For det som kongen vilde vita, hev du kunngjort oss.

24

Daniel gjekk so inn til Arjok, som av kongen hadde fenge påbod um å drepa dei vise i Babel; han gjekk av stad og sagde soleis til honom: «Dei vise i Babel må du ikkje tyna. Før meg inn til kongen, so skal eg kunngjera kongen uttydingi.»

25

Då skunda Arjok seg og førde Daniel inn til kongen og sagde soleis til honom: Eg hev funne ein mann millom dei jødiske fangarne som kann segja kongen uttydingi.»

26

Kongen svara og sagde til Daniel, som hadde fenge namnet Beltsassar: «Kann du segja meg den draumen eg hev havt, og uttydingi på honom?»

27

Daniel svara kongen og sagde: «Den løyndomen som kongen hev hug til å vita, er det ingen vismann eller manar eller runemeister eller stjernetydar som kann kunngjera for kongen.

28

Men det er ein Gud i himmelen, som openberrar løyndomar, og han hev late kong Nebukadnessar vita kva som skal henda i dagar som kjem. Dette var draumen din og den syni du hadde på lægjet ditt:

29

Då du, konge, låg på lægjet ditt, steig det tankar upp hjå deg um kva som skal henda i framtidi. Og han som openberrar løyndomar, let deg vita kva som skal henda.

30

Og for meg hev denne løyndomen vorte openberra, ikkje av di eg eig nokon visdom framfor alle andre som liver, men for at uttydingi kann verta kunngjord for kongen, so du kann få vita ditt hjartans tankar.

31

Du, konge, såg i syni di ei stor bilætstytte standa framfyre deg, og den stytta var høg, og glansen hennar var overlag stor, ho var skræmeleg å sjå til.

32

Hovudet på bilætet var av skirt gull, brjostet og armarne av sylv, buken og lenderne av kopar,

33

leggjerne av jarn, føterne var noko av jarn og noko av leir.

34

Medan du stod og såg på bilætet, vart det lausrive ein stein, men ikkje med mannehender, og den steinen råka bilætet på føterne, som var av jarn og leire, og krasa deim.

35

Då vart det krasa alt på ein gong, jarnet, leiret, koparen, sylvet og gullet, og det vart som agner på ein treskjarvoll um sumaren, og vinden føykte det burt, so ein ingen stad kunna finna det att. Men av steinen som hadde råka bilætet, vart det eit stort fjell, som fylde upp heile jordi.

36

Dette var draumen, og no vil me segja kongen uttydingi.

37

Du, konge, kongen yver kongarne, som Gud i himmelen hev gjeve rike, velde, magt og æra,

38

du, som hev gjeve mannsborni, dyri på marki og fuglarne under himmelen i henderne på, so langt som liv bur, og som han hev sett til herre yver det alt saman, du er dette gullhovudet.

39

Men etter deg skal det koma upp eit anna rike, ringare enn ditt, og etter det endå eit rike, det tridje, som er av kopar, og det skal råda yver heile jordi.

40

Det fjorde riket skal og koma upp og vera sterkt som jarn; for jarnet knusar og krasar alt, og som jarnet øyder alt anna, so skal og dette riket krasa og øyda.

41

Men når du såg at føterne og tærne var noko av krusmakarleir og noko av jarn, so tyder det at det skal vera eit sundra rike: det skal hava noko av det faste jarnet, for du såg det var jarn blanda med leira.

42

Og det at tærne på føterne var noko av jarn og noko av leir, det tyder at riket i sume måtar skal vera sterkt, i andre måtar veikt.

43

Og at du såg jarnet var blanda med leir, det tyder at det fulle skal verta ei blanding ved menneskjesæde, men at luterne like vel ikkje skal halda i hop med kvarandre, like lite som jarn kann binda seg saman med leir.

44

Men i dei dagarne dei kongarne liver, skal Gud i himmelen reisa eit rike som aldri i æva skal øydast, og magti yver det skal ikkje latast til noko anna folk. Det skal krasa og gjera ein ende på alle hine riki; men sjølv skal det æveleg standa;

45

for du såg då at det vart lausrive ein stein or fjellet, men ikkje med mannehender, og krasa jarnet, koparen, leiret, sylvet og gullet. So hev den store Gud openberra for kongen kva som skal henda i framtidi. Draumen er sann og uttydinga sætande.»

46

Då kasta kong Nebukadnessar seg å gruve og tilbad framfor Daniel, og han baud at dei skulde ofra grjonoffer og røykjelse til honom.

47

Og kongen svara Daniel og sagde: «I sanning, dykkar Gud er Gud yver gudar og herre yver kongar og ein som openberrar løynde ting, sidan du hev kunna openberra denne løyndomen.»

48

Etter dette gjorde kongen Daniel til ein stor mann, og gav honom mange dyre gåvor og sette honom til herre yver alt Babelsfylket, og til forstandar for alle dei vise i Babel.

49

Og Daniel bad kongen, og han sette Sadrak og Mesak og Abed-Nego til å styra Babelsfylket, men Daniel sjølv stana i kongsgarden.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921