Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norwegian Bible 1921
← 26

Esekiel 27

28 →
1

Herrens ord kom til meg; han sagde:

2

Og du, menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!

3

Og du skal segja til Tyrus som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Herren: Tyrus, du segjer: «Storfager er eg og frid.»

4

I havsens hjarta er dine landskil, dei som bygde deg, gjorde deg storfager.

5

Av cypresstre frå Senir bygde dei alt plankeverket på deg. Cedertre frå Libanon tok dei og gjorde til mastr på deg.

6

Av eik frå Basan gjorde dei årarne dine. Dekket ditt gjorde dei av filsbein, innlagt i buskbom frå Kittim-øyarne.

7

Manglita linty frå Egyptarland hadde du til segl, til å vera ditt merke, blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyarne var ditt soltjeld.

8

Folk frå Sidon og Arvad var roarar åt deg, dei kunnige av dine eigne, Tyrus, dei vart hovudsmennerne dine.

9

Dei øvste og visaste frå Gebal hadde du til å bøta lekarne dine. Alle havskip og deira sjømenner var i deg og handla med deg.

10

Menner frå Persia, Lud og Put var i din her, dine stridsmenner. Skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg pryda.

11

Arvads søner og din eigen her var på dine murar rundt ikring, og gammaditar var i dine tårn. Sine skjoldar hengde dei på murarne dine rundt ikring; dei gjorde deg fulleleg fager.

12

Tarsis handla med deg, av di du hadde so mykje gods. Sylv, jarn, tin og bly gav dei deg for varorne dine.

13

Javan, Tubal og Mesek, deim hadde du til kræmarar; menneskje og koparkjerald gav dei deg i varebyte.

14

Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varorne dine.

15

Dedans søner var kræmarane dine. Mange havstrender kjøpte av di hand; filsbein og ibenholt gav dei deg i skatt.

16

Syria handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut; karfunkelstein, purpur og manglita ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.

17

Juda og Israelslandet, dei var kræmarane dine; kveite frå Minnit og søt-kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.

18

Damaskus handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut, ein ovmengd med allslags gods. Dei gav deg vin frå Hebron og kvit ull.

19

Vedan og Javan frå Uzal gav att for varorne dine; jarnsmide, kassia og kalmus fekk du i varebyte.

20

Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.

21

Arabia og alle fyrstarne i Kedar kjøpte av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.

22

Kræmarane i Sjeba og Rama, dei var dine kræmarar; krydda av aller gjævaste slag og allslags dyreverdige steinar og gull gav dei for varorne dine.

23

Kharan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur, Kilmad handla med deg.

24

Dei var dine kræmarar med prydelege eignating, med kåpor av purpurblått og manglita ty og med spriklute tæpe med tvinna sterke snøre på din marknad.

25

Med Tarsis-skip gjorde du kjøpstemnorne dine. Du vart fyllt og ovende rik - midt i havet.

26

Utpå storhavet førde dine roarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.

27

Ditt gods, dine salsvaror og bytevaror, dine sjøfolk, dine skiprar, dei som bøter lekarne dine, og dei som driv din handel, og kvar ein stridsmann som i deg er, med heile ditt mannskap som er um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.

28

For naudropi frå skiprarne dine skal markerne bivra.

29

Og dei skal stiga utor sine skip alle som med årarne sit, mannskapet og kvar skiper på havet, til land skal dei søkja.

30

Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt. Og dei skal kasta mold på sine hovud, i oska skal dei velta seg.

31

Og dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og gyrda seg med sekk. Og dei skal gråta yver deg med sjælekvida og øya seg sårt.

32

Og med dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og syrgjande kveda um deg: «Kven er lik Tyrus, som no er tagna midt uti havet?»

33

Medan varorne dine kom frå havet, metta du mange folkeslag. Med ovmengdi av ditt gods og med dine bytevaror gjorde du kongarne på jordi rike.

34

No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er dine bytevaror og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.

35

Alle som bur på havstrenderne, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, deira andlit bivra.

36

Kjøpmennerne ibland folkeslagi hæder deg; Ei skræma er du vorten, du er ikkje til - i all æva.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921