Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 13

Esekiel 14

15 →
1

Og det kom til meg nokre av styresmennerne i Israel og sette seg for mi åsyn.

2

Og Herrens ord til meg; han sagde:

3

Menneskjeson! Desse mennerne hev teke dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og det som er støytestein og fører deim til misgjerning, hev dei sett framfor si åsyn: skulde eg lata deim spyrja meg?

4

Difor, tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Ein og kvar av Israels-lyden som tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten, honom vil eg, Herren, gjeva svar som høver honom med dei mange ufysne avgudarne hans,

5

so eg kann gripa Israels-lyden i deira hjarta, for di dei alle saman hev vendt seg frå meg med dei ufysne avgudarne sine.

6

Difor, seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Vend um og vend dykk burt frå dei ufysne avgudarne dykkar, og vend dykkar åsyn burt frå alle styggjorne dykkar!

7

For kvar og ein av Israels-lyden - eller av framande som bur i Israel - som skil seg frå meg og tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten og ved honom vil spyrja meg, honom vil eg, Herren, sjølv svara;

8

og eg vil setja mi åsyn mot den mannen og tyna honom og gjera honom til eit teikn og eit ordtøke og rydja honom ut or mitt folk. Og de skal sanna at eg er Herren.

9

Og når profeten let seg lokka og talar eit ord, so hev eg, Herren, lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot honom og øyda honom ut or mitt folk Israel.

10

Og dei skal bera si misgjerning; likeins som med misgjerningi åt spyrjaren skal det vera med misgjerningi åt profeten,

11

so Israels-lyden ikkje meir skal villast burt frå meg og ikkje meir sulka seg med alle sine misgjerningar. Men dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, segjer Herren, Herren.

12

Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

13

Menneskjeson! Når eit land syndar mot meg og fer med svik, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brødstaven for det og sender svolt i det og ryd ut or det folk og fe,

14

og desse tri menner vøre der: Noah og Daniel og Job, då skulde dei med si rettferd berre berga si eigi sjæl, segjer Herren, Herren.

15

Og um eg let udyr fara gjenom landet og gjera det folketomt, so det vart likt ei øydemark, at ingen kunde ferdast der berre for udyri,

16

då skulde, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, desse tri mennerne, um dei vøre der, korkje berga søner eller døtter; dei åleine skulde verta berga, men landet verta ei øydemark.

17

Eller um eg let sverd koma yver det landet og sagde: «Sverd skal fara gjenom landet,» og eg rudde ut or det folk og fe,

18

og desse tri mennerne vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga søner og døtter, berre dei åleine skulde verta berga.

19

Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod til å rydja ut or det folk og fe,

20

og Noah og Daniel og Job vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga son eller dotter; dei skulde, ved si rettferd, berga berre si eigi sjæl.

21

For so segjer Herren, Herren: Enn når eg då sender dei fire øgjelege straffedomarne mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!

22

Men sjå, det vert leivt nokre undankomne, som vert burtførde, søner og døtter - sjå, dei skal fara til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg førde yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.

23

Og dei skal trøysta dykk, når de ser deira åtferd og gjerningar. Då skal de skyna at eg ikkje utan grunn hev gjort alt det eg hev gjort imot det, segjer Herren, Herren.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921