Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norwegian Bible 1921
← 30

Jeremias 31

32 →
1

I den tidi, segjer Herren, skal eg vera Gud for alle ættgreinerne i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2

So segjer Herren: Det folket som slapp undan sverdet, hev funne nåde i øydemarki; eg vil av og få honom, Israel, til å roa seg.

3

Langt burtanfrå hev Herren openberra seg for meg: Ja, med æveleg kjærleik hev eg elska deg, difor hev eg late mi miskunn mot deg halda ved.

4

Enn skal eg byggja deg, so du vert uppatt-bygd, du møy Israel; enn skal du pryda deg med handtrummorne og ganga ut i dansen med dei leikande.

5

Enn skal du planta vinhagar på Samaria-heidarne; dei som plantar, skal hausta og.

6

For det kjem ein dag då vaktmenner skal ropa på Efraimsfjellet: «Statt upp, og lat oss draga upp til Sion, til Herren, vår Gud.»

7

For so segjer Herren: Fagna dykk yver Jakob med gleda og set i med fagnadrop yver den fremste av folki! Gjer kunnigt, prisa og seg: «Herre, frels ditt folk, leivningen av Israel!»

8

Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.

9

Gråtande skal dei koma og audmjukleg bedande; eg vil fylgja dei; eg vil leida deim til vatsbekkjer på ein jamn veg, der dei ikkje skal snåva. For eg er vorten far åt Israel, og Efraim er min fyrstefødde son.

10

Høyr Herrens ord, de folk, gjer det kunnigt på øyarne langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det likeins som ein hyrding hjordi si.

11

For Herren hev fria Jakob ut og løyst honom ut or henderne på den som var sterkare enn han.

12

Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut. Og sjæli deira skal vera lik ein vatsrik hage, og dei skal ikkje ormegtast lenger.

13

Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar saman. Og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga deim og gleda deim etter deira sut.

14

Og eg skal kvika prestarne med feite retter, og lyden min skal mettast med mine gode ting, segjer Herren.

15

So segjer Herren: Ei røyst er høyrd i Rama, ynk, sår gråt; Rakel græt for borni sine. Ho vil ikkje lata seg trøysta for borni sine, for dei er ikkje lenger til.

16

So segjer Herren: Haldt røysti di frå gråt og augo dine frå tåror! For verket ditt skal få si løn, segjer Herren, og dei skal snu heim att frå fiendeland.

17

Ja, det er von um di framtid, segjer Herren, og borni skal snu heim att innum sine landskil.

18

Eg hev greinleg høyrt kor Efraim barmar seg: «Du hev aga meg, ja, eg er aga som ein utamd kalv. Vend du meg um, so vil eg venda um, for du er Herren, min Gud.

19

For sidan eg vende meg burt, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi. Eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.»

20

Er då Efraim meg so kjær ein son eller slikt eit eigna-barn, sidan eg stødt må minnast honom, endå eg ofte hev truga honom? Difor bankar hjarta mitt for hans skuld, eg lyt miskunna honom, segjer Herren.

21

Reis deg vardar, set deg vegvisarar, gjev gaum etter kongsvegen, vegen du gjekk! Snu heim att, du møy Israel, snu heim att til desse byarne dine!

22

Kor lenge vil du reika der att og fram, du fråfalne dotter? For Herren skaper nytt i landet: Kvinna vernar mannen.

23

So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Enn skal dei segja dette ordet i Judalandet og byarne der, når eg gjer ende på utlægdi deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell!»

24

Og Juda med alle sine byar skal bu der i lag; bønder og kringfarande hyrdingfolk.

25

For eg vil kveikja den utmødde sjæl, og alle ormegta sjæler vil eg metta.

26

Ved dette vakna eg og såg meg um, og svevnen min hadde vore blid.

27

Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil så Israelslandet og Judalandet med sæde av menneskje og sæde av dyr.

28

Og likeins som eg vakte yver deim til å ryskja upp og riva ned og brjota ned og øyda og plåga deim, soleis vil eg og vaka yver deim til å byggja og planta, segjer Herren.

29

I dei dagarne skal dei ikkje lenger segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.»

30

Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.

31

Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus,

32

ikkje slik ei pakt som den eg gjorde med federne deira den dagen eg tok deim i handi og leidde deim ut or Egyptarlandet, den pakti med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, segjer Herren.

33

Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

34

Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.

35

So segjer Herren som sette soli til å lysa um dagen, månen og stjernorne til å lysa um natti, etter ei fast lov, han som reiser upp havet so bårorne bruser - Herren, allhers drott, er namnet hans:

36

Dersom desse loverne vik for mi åsyn, segjer Herren, då skal og Israels ætt halda upp med å vera eit folk framfor mi åsyn alle dagar.

37

So segjer Herren: Dersom himlarne let seg mæla der uppe og grunnvollarne åt jordi let seg ransaka der nede, då skal eg og støyta frå meg all Israels ætt for alt det dei hev gjort, segjer Herren.

38

Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,

39

og mælesnori skal ganga derifrå beint på yver Garebhaugen, og so bøygja til Goa.

40

Og heile Daudskrott- og Oskedalen og alle markerne burtåt Kidronsbekken alt aust til Hesteport-hyrna, skal vera helga åt Herren. Nokor øyding eller nedrivning skal det ikkje meir vera der i all æva.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921