Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 32

Esaias 33

34 →
1

Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.

2

Herre, ver oss nådig! Etter deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid!

3

For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningarne spreidde.

4

Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettorne spring, spring dei etter det.

5

Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.

6

Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.

7

Høyr kjemporne deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.

8

Ålmannvegarne er aude, ferdafolk er der ’kje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byarne, ikkje vyrdt noko menneskje.

9

Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.

10

No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg.

11

De skal ganga umhender med strå og føda halm; dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.

12

Og folkeslag skal verta brende til kalk - avskoren klunger som vert uppbrend med eld.

13

Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort, og de som er nær, kjenn min styrke!

14

Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei vanheilage: «Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?»

15

Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, som ikkje vyrder urettferdig vinning, som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på vondt,

16

han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; brødet vert gjeve honom, vatnet tryt ikkje for honom.

17

Augo dine skal skoda kongen i hans fagerdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.

18

Hjarta ditt skal minnast rædsla: «Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengarne? Kvar er han som talde tårni?»

19

Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.

20

Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit fjell som ikkje vert flutt; pålarne vert æveleg ikkje upprykte, og ikkje ei av snorerne vert sundslitne.

21

Men der skal me hava ein veldug, Herren - i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldugt langskip.

22

For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.

23

Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspent - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar ran.

24

Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921