Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 20

2 Mosebok 21

22 →
1

So er dei retterne du skal leggja fram for deim:

2

Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.

3

Var han einsleg då han kom, so skal han og fara sin veg einsleg; var han gift, so skal kona hans vera med honom.

4

Hev han fenge ei kona av husbonden sin, og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden til, og sjølv skal han fara sin veg einsleg.

5

Men segjer tenaren so: «Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg,»

6

då skal husbonden føra honom fram for Gud; og leida honom innåt hurdi eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena honom all si tid.

7

Når ein mann hev selt dotter si til tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengjerne.

8

Hev husbonden fest henne åt seg sjølv, og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.

9

Men hevhan fest henne åt son sin, so skal ho njota same retten som døtterne hans eigne.

10

Tek han seg ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost eller klæde eller hjåsvæve.

11

Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ’kje leggja pengar.

12

Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.

13

Men hev han ikkje lege etter honom, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.

14

Når ein mann er so gudlaus at han drep grannen sin med svik, då skal du taka honom, um det so er innmed altaret mitt: han skal døy.

15

Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet.

16

Den som tek ein mann og sel honom eller held honom fanga, skal lata livet.

17

Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.

18

Når tvo trættar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande,

19

og sidan kjem upp att, og gjeng ute med stav, då skal den som slo vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på honom.

20

Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav, so dei døyr under henderne hans, då skal det hemnast.

21

Men liver dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei var hans eigedom.

22

Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fer ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva i skadebot so mykje som mannen hennar legg på honom, eller og skal dei gjeva det under menner.

23

Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv,

24

auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot,

25

og taka brune for brune, sår for sår, flengja for flengja.

26

Når ein mann slær drengen sin, eller tenestgjenta si, i auga, so det vert unytt, so skal han til bot for auga gjeva deim frie.

27

Slær han ut ei tonn på deim, so skal han gjeva deim frie til bot for tonni.

28

Når ein ukse stangar mann eller kona so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; eigarmannen er saklaus.

29

Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det, og endå ikkje agtar honom, og han sidan drep mann eller kona, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet.

30

Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepening for livet sitt so mykje som dei legg på honom.

31

Stangar uksen svein eller møy, so gjeld same retten.

32

Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvdalar til husbonden deira, og uksen skal steinast.

33

Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i,

34

då skal den som eig brunnen, gjera lika for det: han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans.

35

Når uksen åt ein mann stangar i hel ein framand ukse, då skal eigarane selja den uksen som liver, og byta pengarne millom seg, og den daude uksen skal dei og byta.

36

Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev agta honom, so skal han gjeva ein ukse i staden, og sjølv hava den daude.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921