Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 87

Salmenes 88

89 →
1

Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman.

2

Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfyre deg.

3

Lat mi bøn koma for di åsyn, bøyg ditt øyra til mitt klagerop!

4

For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.

5

Eg er rekna lik deim som fer ned i gravi, eg er som ein mann utan livskraft.

6

Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand.

7

Du hev lagt meg i den djupe hola, i myrkrer, i ovdjup.

8

Din harm kvilar tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.

9

Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut.

10

Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg.

11

Gjer du vel under for dei daude? eller vil skuggar stand upp og lova deg? Sela.

12

Tru dei i gravi fortel um di miskunn, og um di truskap i avgrunnen?

13

Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?

14

Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.

15

Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjæl? Kvifor løyner du ditt andlit for meg?

16

Arm er eg og døyande frå ungdomen av, eg ber dine rædslor, eg lyt gjeva meg yver.

17

Logarne av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.

18

Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev i samlag kringsett meg. Du hev drive langt burt frå meg ven og næste, mine kjenningar er myrkret.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921