Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 74

Salmenes 75

76 →
1

Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song.

2

Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.

3

For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.

4

Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» Sela.

5

Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!

6

Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»

7

For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -

8

men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.

9

For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.

10

Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud. Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921