Bibelvalg
|
|
Gamle Testamentet
|
|
Nytt Testament
|
|
|
|
Norsk Bibel 1921
|
|
|
|
1 |
Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter? |
2 |
Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur. |
3 |
Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen. |
4 |
Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke. |
5 |
Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre. |
6 |
Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar. |
7 |
Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn. |
8 |
Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet. |
9 |
Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge. |
10 |
Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg? |
11 |
Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg! |
12 |
Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi. |
13 |
Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet. |
14 |
Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki. |
15 |
Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar. |
16 |
Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli. |
17 |
Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim. |
18 |
Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn. |
19 |
Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar! |
20 |
Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle. |
21 |
Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn! |
22 |
Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen! |
23 |
Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp! |
Norwegian Bible 1921 |
Public Domain: 1921 |