Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 40

Salmenes 41

42 →
1

Til songmeisteren; ein salme av David.

2

Sæl er den som ser til ein vesallmann; på den vonde dag skal Herren frelsa honom.

3

Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar.

4

Herren skal stydja han på sotteseng, og vender all hans lega i hans sjukdom.

5

Eg segjer: «Herre, ver meg nådig; læk mi sjæl, for eg hev synda mot deg!»

6

Mine fiendar talar vondt um meg: «Når skal han døy, og hans namn forgangast?»

7

Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det.

8

Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt:

9

«Ei illgjerning heng ved honom, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.»

10

Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.

11

Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva deim vederlag.

12

På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.

13

Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Amen, amen!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921