Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 124

Salmenes 125

126 →
1

Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.

2

Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva.

3

For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender.

4

Gjer godt, Herre, mot dei gode, og imot deim som hev eit ærlegt hjarta!

5

Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921