Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 107

Salmenes 108

109 →
1

Ein song, ein salme av David.

2

Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra.

3

Vakna, harpa og cither! eg vil vekkja morgonroden.

4

Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.

5

For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.

6

Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!

7

At dei du elskar må verta frelste, hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss!

8

Gud hev tala i sin heilagdom. «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.

9

Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.

10

Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistarland set eg i med fagnadrop.»

11

Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?

12

Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar.

13

Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd. Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921