Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 9

Nehemias 10

11 →
1

På dei forsigla stykki stend: Nehemia, jarlen, son åt Hakalja, og Sidkia,

2

Seraja, Azarja, Jeremia,

3

Pashur, Amarja, Malkia,

4

Hattus, Sebanja, Malluk,

5

Harim, Meremot, Obadja,

6

Daniel, Ginneton, Baruk,

7

Mesullam, Abia, Mijjamin,

8

Ma’azja, Bilgai og Semaja; dette er prestarne.

9

Og levitarne: Jesua Azanjason, Binnui av Henadads-sønerne og Kadmiel,

10

og brørne deira: Sebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan,

11

Mika, Rehob, Hasabja,

12

Zakkur, Serebja, Sebanja,

13

Hodia, Bani og Beninu.

14

Folkehovdingarne: Paros, Pahat-Moab, Elam, Zattu, Bani,

15

Bunni, Azgad, Bebai,

16

Adonja, Bigvai, Adin,

17

Ater, Hizkia, Azzur,

18

Hodia, Hasum, Besai,

19

Harif, Anatot, Nobai,

20

Magpias, Mesullam, Hezir,

21

Mesezabel, Sadok, Jaddua,

22

Pelatja, Hanan, Anaja,

23

Hosea, Hananja, Hassub,

24

Hallohes, Pilha, Sobek,

25

Rehum, Hasabna, Ma’aseja,

26

Ahia, Hanan, Anan,

27

Malluk, Harim og Ba’ana.

28

Og folket elles, prestarne, levitarne, portvaktarane, songarane, tempelsveinarne og alle som hev skilt seg frå dei framande folki og vendt seg til Guds lov, like eins konorne deira, sønerne og døtterne deira, alle som kann skyna det -

29

dei slær lag med stormennene og gjeng med på eiden og sver at dei vil fylgja Guds lov, som er gjevi ved Guds tenar Moses, og halda og gjera etter alle bodi og rettarne og fyreskrifterne frå Herren, vår Herre,

30

at me ikkje skal gifta døtterne våre med folki i landet eller taka døtterne deira til konor åt sønerne våre,

31

og når folki i landet kjem um kviledagen og vil selja handelsvaror og allslags korn, då skal me ikkje kjøpa av deim på kviledag eller helgedag; at me let jordi liggja og kvila kvart sjuande år, og då gjev etter allslags krav;

32

att me tek på oss skyldnaden å svara ein tridjepart av ein dalar i årleg reida til tenesta i vår Guds hus -

33

til skodebrødi, det faste grjonofferet og det faste brennofferet, til offer på kviledagarne, på nymånedagarne og i høgtiderne, til takkofferet og syndofferet til soning for Israel, og til alle tenester i vår Guds hus.

34

Um vedhaldet hev me, prestarne, levitarne og folket, drege strå, um å føra veden til vår Guds hus, etter ættgreinerne våre, kvart år på visse dagar, til brennefang på altaret åt Herren, vår Gud, som fyreskrive er i lovi.

35

Me vil års årleg føra til Herrens hus det fyrste av grøda på marki vår og dei fyrste mogne frukterne på alle slag tre,

36

og det som er frumbore av folk og fe, som skrive er i lovi, og føra det frumbore av storfe og småfe til Herrens hus, til prestarne som gjer tenesta i vår Guds hus;

37

like eins det fyrste gropet med mel, og reidorne våre, og frukti av alle tre, og druvesaft og olje vil me føra til prestarne, til kovarne i vår Guds hus; like eins tiendi av marki vår til levitarne. Levitarne samlar sjølv inn tiendi i alle jordbruksbyarne våre.

38

Ein prest, ein av Arons-sønerne, er med levitarne når dei samlar inn tiendi; og sjølve fører levitarne tiendeparten av tienden si upp til vår Guds hus, til kovarne i forrådshuset.

39

Både Israels-sønerne og Levi-sønerne føre reidorne av korn og druvesaft og olje til kovarne, der kjeraldi er som høyrer til heilagdomen, og der prestarne som gjer tenesta, og like eins portvaktarane og songarane. - Soleis vil me ikkje gløyma vår Guds hus.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921