Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 22

1 Krønikebok 23

24 →
1

Då David var gamall og mett av dagar, gjorde han Salomo, son sin, til konge yver Israel.

2

Og han samla alle hovdingarne i Israel, og prestarne og levitarne.

3

Og levitarne vart talde, ein for ein, dei som var tretti år gamle eller meir, og talet på alle karfolki var åtte og tretti tusund.

4

«Av desse,» sagde han, «skal fire og tjuge tusund standa fyre arbeidet i Herrens hus, og seks tusund skal vera formenner og domarar,

5

fire tusund skal vera dørvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognerne som eg hev late gjera til lovsongen.»

6

Og David skifte deim i skift etter sønerne åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.

7

Til gersonitarne høyrde Ladan og Sime’i.

8

Sønerne hans Ladan var Jehiel, hovdingen, Zetam og Joel, tri mann.

9

Sønerne hans Sime’i var Selomot og Haziel og Haran, tri; dei var hovdingarne for Ladans-ættgreinerne.

10

Og sønerne åt Sime’i var Jahat, Ziza og Je’us og Beria; desse fire var sønerne hans Sime’i.

11

Jahat var hovdingen, og Ziza var den andre. Men Je’us og Beria hadde ikkje mange born, difor vart dei rekna for ei ættgrein, ein flokk for seg.

12

Sønerne åt Kahat var Amram, Jishar, Hebron og Uzziel, fire.

13

Sønerne hans Amram var Aron og Moses. Og Aron vart utskild - han skulde vigjast til å vera høgheilag i all æva, han og sønerne hans, og skulde brenna røykjelse for Herren og tena honom og lysa velsigning i hans namn til æveleg tid.

14

Men sønerne åt Moses, Guds mann, vert rekna til Levi-ætti.

15

Sønerne åt Moses var Gersom og Eliezer.

16

Av Gersoms-sønerne var Sebuel hovding.

17

Og av Eliezer-sønerne var Rehabja hovding. Eliezer hadde ikkje fleire søner; men sønerne hans Rehabja var ovleg mange.

18

Av Jishars-sønerne var Selomit hovdingen.

19

Hebrons-sønerne var Jerija hovdingen, Amarja, var den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.

20

Av Uzziels-sønerne var Mika hovding, og Jissia den andre.

21

Merari-sønerne var Mahli og Musi. Sønerne hans Mahli var Eleazar og Kis.

22

Då Eleazar døydde, hadde han ingi søner etter seg, men berre døtter; men sønerne åt Kis, frendarne deira, gifte seg med deim.

23

Musi-sønerne var Mahli og Eder og Jeremot, tri.

24

Dette var Levi-sønerne etter ættgreinene deira, ættarhovdingarne for deim som var mynstra og innskrivne i manntalet, ein for ein, dei som kunde gjera arbeid som høyrde til tenesta i Herrens hus, og var tjuge år gamle og yver det.

25

For David sagde: «Herren, Israels Gud, hev gjeve folket sitt ro, og hev no bustaden sin i Jerusalem for all æva.

26

Difor tarv ikkje heller levitarne bera tjeldet meir, og ikkje heller alle arbeidsgognerne som er i huset.»

27

For etter fråsegni um Davids siste tid vart levitarne rekna frå tjugeårsalderen og uppetter.

28

Og dei vart sette med sida åt Arons-sønerne til tenesta i Herrens hus, i det som vedkom tuni og kovarne og rensingi av alt som heilagt var, og arbeidet med tenesta i Guds hus,

29

både skodebrødi og finmjølet til grjonofferet og dei usyrde tunnkakorne og takkorne og det knoda mjølet og med alt rom-mål og lengdemål.

30

Og kvar morgon skulde dei standa og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.

31

Og dei skulde ofra alle brennoffer åt Herren på kviledagar og høgtiderne, so mange som fastsett var, og soleis som det var deim fyresagt, allstødt for Herrens åsyn.

32

Dei skulde gjera alt arbeidet som trongst ved møtetjeldet, og det som skulde gjerast ved heilagdomen, det som Arons-sønerne, brørne deira, hadde å gjera med gudstenesta i Herrens hus.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921