Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norwegian Bible 1921
← 20

1 Krønikebok 21

22 →
1

Men Satan stod upp imot Israel og eggja David til å telja Israel.

2

Då sagde David til Joab og dei andre hovdingarne for folket: «Gakk av stad og tak tal på Israels-folket frå Be’erseba og alt til Dan, og gjev meg so grein, so eg fær vita kor mykje folk det er.»

3

Joab svara: «Gjev Herren vilde auka folket sitt hundrad gonger! Er dei då ikkje, herre konge, tenarar åt herren min alle saman? Kvifor krev du då herren min slikt? Kvifor skal ein på slik måte draga skuld yver Israel?»

4

Men kongens bod vart standane ved lag med alt det Joab var imot. So tok då Joab ut, og for um i heile Israel og kom so heim att til Jerusalem.

5

Og Joab sagde David talet som var kome ut ved folketeljingi. I heile Israel var det ein million og hundrad tusund våpnføre mann, og i Juda fire hundrad og sytti tusund.

6

Men Levi og Benjamin hadde han ikkje mynstra i lag med hine; for kongens ord var ei styggja for Joab.

7

Og Gud mislika dette verket, og han slo Israel.

8

Då sagde David til Gud: «Eg hev synda storleg med at eg hev gjort dette. Men forlat no tenaren din misgjerningi hans; for eg hev gjort ein stor dårskap.»

9

Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sagde:

10

«Gakk av stad og tala til David og seg: «So segjer Herren: Tri ting legg eg fram fyre deg; vel deg ein av deim, som du vil eg skal gjera imot deg!»»

11

Då gjekk Gad inn til David og sagde til honom: «So segjer Herren: «Vel kva for eit du vil:

12

anten svolt i tri år, eller manneøyding i tri månader, av di fiendarne dine søkjer åt, og du ikkje kann koma undan sverdet deira - eller Herrens sverd og drepsott i landet i tri dagar, med di Herrens engel gjer eit tjon i heile Israels land.» Tenk no etter kva svar eg skal gjeva honom som hev sendt meg!»

13

David svara Gad: «Eg er stadd i stor våde. Men lat meg då falla i Herrens hand; for hans miskunn er stor; men i mannehand vil eg ikkje falla.»

14

Då let Herren det koma ei drepsott i Israel, og det fall sytti tusund mann av Israel.

15

Og Gud sende ein engel mot Jerusalem til å tyna byen. Men då han heldt på med tyningi, såg Herren på det og han angra det vonde, og han sagde til engelen, tynaren: «No fær det vera nok. Tak no åt deg handi att!» Og Herrens engel stod då attmed treskjevollen hans Ornan, jebusiten.

16

So såg David upp og vart var Herrens engel, som stod millom jord og himmel med eit drege sverd i handi, og rette det ut yver Jerusalem. David og styresmennerne kasta seg å gruve, sveipte i sekk.

17

Og David sagde til Gud: «Det var då eg som baud at folket skulde teljast. Det er eg som hev synda og gjort det som gale er; men desse sauerne, kva hev dei gjort? Herre, min Gud, snu då handi di imot meg og huset åt far min, men ikkje mot folket ditt til heimsøkjing!»

18

Men Herrens engel bad Gad segja til David, at han skulde ganga upp og reisa eit altar åt Herren på treskjarvollen hans Ornan, jebusiten.

19

Og David gjekk upp etter det ordet som Gad hadde tala i Herrens namn.

20

Då so Ornan snudde seg ikring, fekk han sjå engelen; og dei fire sønerne hans som var hjå honom, dei gøymde seg. Men Ornan heldt just på og treskte kveite.

21

Og David kom til Ornan, og då Ornan såg upp og vart var honom, gjekk han fram av treskjarvollen og kasta seg å gruve på jordi for David.

22

Og David sagde til Ornan: «Gjev meg få den staden der du hev treskjarvollen, so eg der kann byggja eit altar for Herren. Lat meg få det mot fullt vederlag, so sotti kann stana og ikkje lenger herja folket.»

23

Då sagde Ornan til David: «Tak vollen, og so gjere min herre kongen det som han tykkjer er best. Sjå her gjev eg deg uksane til brennofferi og treskjesledane til ved og kveiten til grjonofferet; det gjev eg alt i hop.»

24

Men kong David svara Ornan: «Nei, eg vil kjøpa det for fullt vederlag; for eg vil ikkje taka åt Herren det som er ditt, og ofra brennoffer som eg hev fenge for inkje.»

25

So greide David åt Ornan seks hundrad lodd gull i god vegt.

26

Og David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Og han ropa til Herren, og han svara honom med eld frå himmelen på brennofferaltaret.

27

Og Herren baud engelen, og han stakk sverdet sitt i slira att.

28

Då David såg at Herren hadde høyrt bøni hans på treskjarvollen åt jebusiten Ornan, so ofra han der i den tidi.

29

Men Herrens hus som Moses hadde late gjera i øydemarki, og brennofferaltaret stod den tidi på offerhaugen i Gibeon.

30

Men David våga ikkje å ganga dit og søkja Gud, so forfærd var han for sverdet åt Herrens engel.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921