Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 13

2 Kongebok 14

15 →
1

I det andre styringsåret åt Israels-kongen Joas Joahazson vart Amasja Joasson konge i Juda.

2

Fem og tjuge år gamall var han då han tok styret, og ni og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Joaddan, frå Jerusalem.

3

Han gjorde det som rett var for Herren; um ikkje so heilt som David, ættarfar hans, so liktest han i alt på Joas, far sin.

4

Offerhaugarne vart like vel haldne ved lag; folket heldt på og ofra slagtoffer og brende røykjelse på haugarne.

5

So snart han kjende seg trygg på magti, let han drepa dei hirdmennerne som hadde slege i hel kongen, far hans.

6

Men borni åt dråpsmennerne drap han ikkje, etter fyreskrifti i Mose-lovboki, der Herren hev gjeve dette bodet: «Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort; og born ikkje for det foreldri hev gjort; kvar og ein skal døy for si eigi synd.»

7

Han slo edomitarne i Saltdalen, ti tusund mann, og hertok Sela, som han kalla Jokte’el, eit namn det ber den dag i dag.

8

Ved dette leitet sende Amasja bod til Israels-kongen Joas Joahazson, soneson åt Jehu, med dei ordi: «Kom, lat oss røyna kvarandre!»

9

Men Joas, kongen i Israel, sende det svaret Amasja, kongen i Juda: «Tistelen på Libanon sende bod til cederen på Libanon: Gjev dotter di til kona åt sonen min!» Men då flaug villdyri på Libanon yver tistelen og trakka honom ned.

10

Visst hev du vunne på edomitarne, og dermed vert du kaut i hugen. Men njot no æra di og sit heime! Kvifor vil du leika med ulukka, til fall for deg sjølv og for folket ditt.

11

Men Amasja vilde ikkje høyra. So drog Israels-kongen Joas upp. Og dei fekk røyna kvarandre, han og Juda-kongen Amasja, ved Bet-Semes i Judalandet.

12

Juda-folket tapte for Israels-folket og rømde kvar til sitt.

13

Og Juda-kongen Amasja Joasson, soneson åt Ahazja, vart teken til fange der ved Bet-Semes av Israels-kongen Joas. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned fire hundrad alner av bymuren, frå Efraimsporten til Hyrneporten.

14

So tok han alt gullet og sylvet og alle kjerald som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og dessutan gislar. Dermed snudde han heim att til Samaria.

15

Det som elles er å fortelja um Joas, um det han gjorde og um hans storverk, um krigen han førde mot Juda-kongen Amasja, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

16

Joas lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria saman med Israels-kongarne. Og Jerobeam, son hans, vart konge i staden hans.

17

Juda-kongen Amasja Joasson livde femtan år etter Israels-kongen Joas Joahazson var dåen.

18

Det som elles er å fortelja um Amasja, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

19

Dei svor seg saman mot honom i Jerusalem, og han rømde til Lakis, men dei sende folk etter honom dit, og dei drap honom der.

20

Dei førde liket på hesteryggen, og gravlagde honom i Jerusalem, i Davidsbyen, saman med federne hans.

21

So tok heile Juda-folket Azarja, ein sekstan års gut, til konge i staden for Amasja, far hans.

22

Han var det som bygde upp att Elat og lagde det under Juda att, etter far hans hadde lagt seg til kvile hjå federne sine.

23

I det femtande styringsåret åt Juda-kongen Amasja Joasson vart Jerobeam Joasson konge yver Israel, og rådde i Samaria i eitt og fyrti år.

24

Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje upp dei synderne Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.

25

Han var det som vann att for Israel landviddi frå Hamatvegen til Øydemark-havet i samhøve med det ordet Herren, Israels Gud, hadde tala ved tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.

26

For Herren hadde set at Israels naud var ovleg beisk; det var ute med både ufri og fri, og det var ingen som hjelpte Israel.

27

Herren hadde ikkje sagt at han vilde strjuka ut Israels namn under himmelen; difor hjelpte han deim ved Jerobeam Joasson.

28

Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um alt det han gjorde og um hans storverk, um krigarne han førde og landevinningi for Israel som han vann att frå Damaskus og Hamat, det som fyrr hadde høyrt til Juda, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

29

Jerobeam lagde seg til kvile hjå federne sine, hjå Israels-kongarne, og Zakarja, son hans, vart konge i staden hans.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921