Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 12

2 Kongebok 13

14 →
1

I det tri og tjugande styringsåret åt Juda-kongen Joas Ahazjason vart Joahaz Jehuson konge yver Israel i Samaria, og han styrde i syttan år.

2

Han gjorde det som vondt var i Herrens augo; han dreiv på med same synderne som Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til; deim gav han ikkje upp.

3

Herren vart brennande harm på Israel; han gav deim i henderne på syrarkongen Hazael og Benhadad Hazaelsson, heile hans stryringstid.

4

Joahaz freista å blidka Herren, og Herren bønhøyrde honom, av di han såg den naudi syrarkongen førde Israel upp i.

5

Herren gav då Israel ein frelsar, so dei slapp ut or syrarveldet, og Israels-borni fekk bu i hyttorne sine som fyrr.

6

Like vel gav dei ikkje upp dei synderne som Jerobeams hus hadde forført Israel til; dei dreiv på sameleis; jamvel Astarte-bilætet fekk standa i fred i Samaria.

7

Hazael hadde ikkje leivt meir folk åt Joahaz enn femti hestfolk, ti vogner, og ti tusund mann fotfolk. So ille hadde syrarkongen øydt deim ut, knasa deim som gov ved treskjingi.

8

Det som elles er å fortelja um Joahaz, um alt det han gjorde og um hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

9

Joahaz lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joas, son hans, vart konge i staden hans.

10

I det sju og trettiande styringsåret åt Joas, kongen i Juda, vart Joas Joahazson konge yver Israel, og han rådde i Samaria i sekstan år.

11

Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje upp nokor av dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til; han dreiv på sameleis.

12

Det som elles er å fortelja um Joas, um alt det han gjorde og um hans storverk, soleis um krigen han førde mot Amasja, kongen i Juda, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

13

Joas lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jerobeam steig upp i kongsstolen hans. Joas vart gravlagd i Samaria saman med Israels-kongarne.

14

Då Elisa hadde fenge helsotti, gjekk Joas, kongen i Israel, ned til honom. Han bøygde seg yver honom, gret og ropa: «Far, far! du Israels vogner og ridarar!»

15

Elisa sagde med honom: «Henta ein boge og piler!» Han henta deim til honom.

16

Baud han so Israels-kongen: «Legg handi di på bogen!» Han so gjorde, og Elisa lagde sine hender på kongens hender.

17

So sagde han: «Lat upp vindauga mot aust!» Då han det hadde gjort, sagde Elisa: «Skjot!» Og han skaut. Då sagde han: «Ei sigers-pil frå Herren! ei sigers-pil mot syrarane! Du skal slå syrarane i Afek og tyna deim heilt.»

18

So sagde han: «Tak pilerne!» Då Israels-kongen hadde teke deim, sagde han til honom: «Slå på jordi!» Han slo tri gonger, og so slutta han.

19

Då vart gudsmannen harm på honom. «Du skulde ha slege fem eller seks gonger,» sagde han; «so vilde du ha tynt syrarane heilt; no kjem du til å slå syrarane tri gonger.»

20

Elisa døydde og vart gravlagd. Moabitarflokkar gjorde jamt røvarferder i landet ved nyårsbil.

21

No hende det just som dei skulde jorda ein mann, at dei fekk sjå ein røvarflokk; so kasta dei mannen i Elisas grav. Og då mannen datt ned og kom innpå beini åt Elisa, so vart han livande att og reis upp på føterne.

22

Syrarkongen Hazael heldt Israel i trælldom so lenge Joahaz livde.

23

Men Herren miskunna deim og ynkast yver deim, og vende seg til deim for den pakt skuld som han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob; han vilde ikkje øyda deim ut og hadde ikkje endå kasta deim burt frå seg.

24

Syrarkongen Hazael døydde, og Benhadad, son hans, vart konge i staden hans.

25

Då tok Joas Joahazson att frå Benhadad Hazaelsson dei byarne som han hadde teke frå Joahaz, far hans. Tri gonger slo Joas deim, og tok soleis att Israels byar.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921