Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 21

1 Mosebok 22

23 →
1

Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sagde til honom: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»

2

Då sagde han: «Tak no son din, din einberningsson, honom som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra honom på eit av fjelli, som eg skal segja deg.»

3

Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og klyvja asnet sitt, og tok med seg tvo av drengjerne sine og Isak, son sin. Og då han hadde kløyvt ved til brennofferet, gav han seg på vegen, og gjekk til den staden som Gud hadde sagt.

4

Tridje dagen då Abraham skoda kring seg, såg han staden han skulde til, langt burte.

5

Då sagde Abraham til drengjerne sine: «Ver no de her hjå asnet. Eg og sveinen, me vil ganga dit burt og beda, og so kjem me hit til dykk att.»

6

So tok Abraham offerveden og lagde på Isak, son sin, og sjølv tok han elden og kniven i handi, og so gjekk dei tvo eine.

7

Då sagde Isak med Abraham, far sin: «Du far!» sagde han. Og han sagde: «Ja, barnet mitt!» «Sjå, her er elden og veden,» sagde Isak, «men kvar er lambet som me skal ofra?»

8

Og Abraham sagde: «Gud veit nok råd til eit offerlamb, barnet mitt.» Og so gjekk dei tvo eine.

9

Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og lagde veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og lagde honom på altaret, ovanpå veden.

10

Og Abraham rette ut handi og tok kniven, og vilde ofra son sin.

11

Då ropa Herrens engel til honom frå himmelen og sagde: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

12

Då sagde han: «Legg ikkje hand på sveinen, og gjer honom ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.»

13

Då Abraham skoda kring seg, fekk han auga på ein ver, som hekk fast etter horni i kjørri attanfor honom. So gjekk Abraham dit og tok veren, og ofra honom i staden for son sin.

14

Og Abraham kalla den staden: «Herren veit råd». Difor segjer dei den dag i dag: «På Herrens fjell veit dei råd.»

15

Og Herrens engel ropa endå ein gong frå himmelen til Abraham

16

og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,

17

so skal eg storom velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernorne på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgerne frå sine fiendar,

18

og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.»

19

So gjekk Abraham attende til drengjerne sine, og dei tok på heimvegen, og fylgdest åt til Be’erseba. Og Abraham vart buande i Be’erseba.

20

Ei tid etter dette hadde hendt, kom det ein og sagde med Abraham: «Nahor, bror din, og Milka hev og fenge born:

21

Us, som er eldst, og Buz, bror hans, og Kemuel, far til Aram,

22

og Kesed og Haso og Pildas og Jidlaf og Betuel.»

23

Og Betuel var far åt Rebekka. Desse åtte sønerne fekk Nahor, bror åt Abraham, med Milka.

24

Og med fylgjekona si, ho heitte Re’uma, fekk han og born; det var Tebah og Gaham og Tahas og Ma’aka.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921