Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 1

1 Mosebok 2

3 →
1

So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.

2

Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort.

3

Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.

4

Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte. Den tid Herren Gud gjorde jord og himmel,

5

då fanst det endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki.

6

Då steig det upp eim or jordi, og dogga all marki.

7

Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki, og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk ånd og liv.

8

Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt.

9

Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.

10

Og det gjeng ei elv ut ifrå Eden. Ho vatnar hagen, og sidan kløyver ho seg i fire greiner.

11

Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull.

12

Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolahkvåda og sjohamsteinen.

13

Og den andre elvi heitte Gihon; det er den som renn kringum heile Kusjland.

14

Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng framanfor Assur. Og den fjorde elvi, det er Frat.

15

Og Herren Gud tok mannen og sette honom i Eden til å dyrka og varna hagen.

16

Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen.

17

Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.»

18

Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.»

19

Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.

20

Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.

21

Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans, og fyllte atter med kjøt.

22

Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom.

23

Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.»

24

Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt.

25

Og dei var nakne, både mannen og kona hans, og blygdest ikkje.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921