Gamle Testamentet
Nytt Testament
Norsk Bibel 1921
← 9

1 Mosebok 10

11 →
1

Dette er dei ætterne som hev kome frå sønerne hans Noah, Sem og Kham og Jafet; dei fekk søner, etter storflodi hadde vore:

2

Sønerne hans Jafet var Gomer og Magog og Madaj og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.

3

Og sønerne hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.

4

Og sønerne hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.

5

Frå deim hev folki på heidninge-øyarne greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine rike.

6

Og sønerne hans Kham var Kusj og Misrajim og Put og Kana’an.

7

Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan.

8

Og Kusj hadde endå ein son, som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.

9

Han var ein gjæv veidemann i Herrens augo. Difor vert det sagt: «Ein gjæv veidemann i Herrens augo, som Nimrod.»

10

Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet.

11

Frå det landet for han til Assur, og bygde Nineve og Rehobot-Ir og Kalah

12

og Resen millom Nineve og Kalah; dette er Storstaden.

13

Og Misrajim vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane

14

og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.

15

Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het

16

og til jebusitarne og amoritarne og girgasitarne

17

og hevitarne og arkitarne og sinitarne,

18

og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut.

19

Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.

20

Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike.

21

Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå.

22

Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.

23

Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.

24

Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.

25

Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan.

26

Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah

27

og Hadoram og Uzal og Dikla

28

og Obal og Abimael og Sjeba

29

og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan.

30

Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.

31

Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike.

32

Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921