Bibelen på ett år
September 23


Salomos Høisang 1:1-17
1. Høgsongen av Salomo.
2. «Han meg kysse med kyssar av sin munn. For din elsk han er betre enn vin.
3. Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.»
4. «Drag meg etter deg. Og me spring. Kongen hev ført meg til sitt hus.» «Me vil fagnast og frygdast i deg. Me vil lova din kjærleik meir enn vin.» Med rette elskar dei deg.
5. «Eg er brun, men like vel væn, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeld, som Salomos dørtjeld.
6. Sjå ikkje på at eg er so brun, at soli hev brent meg so. Mor sine søner harmast på meg, og meg sette til vingardsvakt. Eg hev ikkje vakta eigen gard.
7. Seg, du som leikar i min hug, kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? Må eg sleppa på villa å ganga i hjordi til felagarn’ dine.»
8. «Um du ikkje det veit, du fagraste dros, du fylgje i drifti sitt spor og gjæt dine killingar fram der som hyrdingarn’ buderne hev.»
9. «Med folarn’ for Faraos vogn deg, min hugnad, eg liknar.
10. Di lekkjeprydde kinn er so væn, og din hals med perlor.
11. Lekkjor av gull skal du få med sylv-prikkar på.»
12. «Når kongen i laget sit sat, min narde han anga då.
13. Ein myrra-pung er min ven, som eg ber ved min barm.
14. Ein cyper blom-dusk er min ven meg i En-Gedis hagar.»
15. «Å, kor du er fager, mi møy, kor du er fager! Dine augo er duvor.»
16. «Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuv. Og vårt lægje er grønt.
17. Cedrar er bjelkarn’ i vårt hus, cypressar er himling.»

Salomos Høisang 2:1-17
1. «Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.»
2. «Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.»
3. «Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn.
4. Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik.
5. Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.
6. Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
7. Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»
8. «Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn.
9. Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn.
10. Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut!
11. For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt.
12. Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land.
13. Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom!
14. Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.»
15. «Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.»
16. Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»
17. «Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»

Salmenes 104:1-9
1. Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
2. Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
3. han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.
4. Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
5. Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
6. Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.
7. For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt
8. - fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.
9. Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.

Salomos Ordsprog 24:15-16
15. Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!
16. For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.

1 Korintierne 11:17-34
17. Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.
18. For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.
19. For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.
20. Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.
21. For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.
22. Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.
23. For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,
24. og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»
25. Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»
26. For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.
27. Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.
28. Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!
29. For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.
30. Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.
31. Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.
32. Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.
33. Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!
34. Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.